Varsel om oppstart av planarbeid og høyring av forslag til planprogram: Områdereguleringsplan for StrandaLytt til tekstenStopp avspillingI medhald av plan- og bygningslova §§ 12-1, 12-2 og 12-8 vert det varsla om oppstart av planarbeid med høyring av forslag til planprogram for områderegulering for Stranda, Florø vest, Bustad m.m.. Det blir også varsla oppstart av forhandlingar om utbyggingsavtale i medhald av pbl. § 17-4.Etter avtale med Kinn kommune, vert områdereguleringsplanen utarbeidd av Kystbyen AS. Nordplan AS er plankonsulent.Planen medfører krav om planprogram og konsekvensutgreiing. Planprogrammet skildrar reguleringsføremåla, krav til utgreiingar og prosess for planarbeidet. Føremålet med planarbeidet er å legge til rette for eit bustadområde på Stranda, samt å avklare løysingar for tilkomst og legge til rette for "Den blå promenade".Planavgrensing kjem fram av vedlegg. Avgrensinga er ikkje endeleg fastsett og kan bli redusert gjennom planarbeidet.Planarbeidet vert annonsert i Firdaposten papirutgåva den 05.09.2024. Oppstartsvarsel med oppstartsmøtereferat, forslag til planprogram og andre dokument finn du nedanfor. Naboar og grunneigarar vert varsla direkte.VedleggPlanprogram_Områderegulering for Stranda, Florø vest, Bustad m.m., PlanID 20240003 (L)(823957) (PDF, 3 MB)Varslingsbrev_Områderegulering for Stranda, Florø vest, Bustad m.m., PlanID 20240003 (L)(823958) (PDF, 629 kB)Planavgrensing Stranda_02.09.2024 (L)(823956) (PDF, 391 kB)Referat fra oppstartsmøtet - Områderegulering for Stranda, Florø vest, Bustad m.m. (L)(770712) (PDF, 278 kB)Invitasjon til fysisk møte om planenDet vert open plandag på Florø kulturhus, møterom Stabben, tysdag 17. september kl. 13:00-19:00.Innspel og fristInnspel til planarbeidet skal vere skriftlege og sendast per e-post til ede@nordplan.no, eller til Nordplan AS v/Elisabet Digernes Eikås, Langebruvegen 9, 6800 Førde.Frist for innspel er sett til 20. oktober 2024. Publisert 04.09.2024 07.54 Sist endra 05.09.2024 07.40