Offentleggjering av formannskapet sitt framlegg til budsjett, økonomiplan og handlingsprogram 2025-2028Lytt til tekstenStopp avspillingFormannskapet sitt vedtak til budsjett, økonomiplan, og handlingsprogram 2025-2028 ligg no ute på høyring.Formannskapet sitt framlegg til vedtak av budsjett, økonomiplan og handlingsprogram 2025-2028 er no tilgjengeleg. Du kan gi innspel innan 15. desember. Saka skal til endeleg handsaming i kommunestyret 16. desember.Formannskapet sitt framlegg til budsjett, økonomiplan og handlingsprogram 2025-2028 vart handsama i sak 119/24, og er no tilgjengeleg for dine innspel. Handlingsprogram og økonomiplan 2025-2028 skal til endeleg handsaming i kommunestyret 16. desember. Innstillinga inneheld mellom anna betalingssatsar, investeringar, avgifter og gebyr.Les formannskapet si innstilling til handlingsprogram og økonomiplan 2025-2028 her Handsaming av sakaDer var to framlegg til vedtak i sak om budsjett, økonomiplan og handlingsprogram: Kommunedirektøren sitt framlegg til vedtak vart vedteke mot 5 røyster (2 FrP v/Djuvik og Nesje, 1 Venstre v/Nødseth, Raudt v/Henriksson, SP v/Kongsvik)Framlegg frå AP v/repr. Teigen samrøystes vedteke.InnspelSend innspel til oss via elektronisk skjema, eller per e-post til post@kinn.kommune.no. Frist for innspel er 15. desember 2024.Sjå formannskapet si handsaming av sakaKinn kommuneTV Publisert av Bodil Gjerde Publisert 02.12.2024 12.24 Sist endra 03.12.2024 10.05