Høyring: Oppheving av gamle reguleringsplanarLytt til tekstenStopp avspillingSak om oppheving av gamle reguleringsplanar er no på høyring. Høyringsperioden er frå 07.07.2023 til 02.10.2023. Kva skjer vidare? Arbeidet med oppheving av planar vil samkøyrast med utlegging av kommuneplanen, og planane blir ikkje oppheva før kommuneplanen er vedteken. Kommuneplanen sin arealdel er ute på høyring til 02.10.2023. Kommuneplanen sin arealdel er no lagt ut på høyring. Områder i den nye arealdelen inkluderer gamle reguleringsplanar som er heilt eller delvis utbygd. Resterande bygging kan difor gjerast i samsvar med den nye kommuneplanen når den er vedtatt. Innkomne merknader som vi har fått tidlegare knytt til oppheving av gamle reguleringsplanar er samkøyrt med framlegg til den nye kommuneplanen sin arealdel. Slik kan du finne reguleringsplan for ditt område Du kan finne kva reguleringsplan som gjeld for din eigedom ved å sjå i vårt planregister. Vel Kinn kommune og søk opp eigedomen din anten ved å bruke adressa eller gards- og bruksnummer. Du får då opp kva planar som gjeld for din eigedom. Dersom planen står på den vedlagte lista er den tenkt oppheva. Dersom du har spørsmål eller ønsker meir informasjon kan du få dette ved å delta på informasjonsmøte om kommuneplanen. Informasjonsmøta er ope for alle, og vert lagt opp med generell informasjon om kommuneplanen, med vekt på Måløydelen og Florødelen. Det vert opna for generelle spørsmål knytt til planforslaget. Møta vert direktesendt, men du kan også sjå opptak frå informasjonsmøta i ettertid. bestille tid hos ein sakshandsamar her. Du kan velje "plan", så får du opp ein kalender der du kan velje tid. Ny arealdel til kommuneplanen Kommunen varsla 30.03.2023 om oppstart av arbeid med oppheving av gamle reguleringsplanar i samband med utarbeiding av ny arealdel til kommuneplanen. Sjå høyring for kommuneplanen sin arealdel her Send oss dine innspel Eventuelle merknader/innspel, skal vere skriftleg og skal sendast til Kinn kommune innan 2. oktober via vårt digitale skjema på e-post til post@kinn.kommune.no eller per post til Kinn kommune, postboks 294, 6701 Måløy Her finn du saksopplysningar og alle tilhøyrande dokument Saksdokument og handsaming av merknadar knytt til varsel om oppstart av arbeidet finn du nedanfor. I merknadshandsaminga er det vist til kva namn områda har fått i den nye kommuneplanen. Her finn du kommuneplanen med tilhøyrande plandokument Oppheving av gamle reguleringsplanar Tittel Publisert Type Vedlegg_Florødel 04.07.2023 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Vedlegg_Florødel.pdf Vedlegg_Måløydel 04.07.2023 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Vedlegg_Måløydel.pdf Plansak for offentlig ettersyn - oppheving av gamle reguleringsplanar Kinn kommune 04.07.2023 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Plansak for offentlig ettersyn - oppheving av gamle reguleringsplanar Kinn kommune.pdf Innkomne merknadar høyring_oppheving 04.07.2023 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Innkomne merknadar høyring_oppheving.pdf Publisert av Frida Rogne Sist endra 01.09.2023 11.36