Høyring: Namnesak bygda ÅrebrotLytt til tekstenStopp avspillingBotnane og Årebrot Grendalag (BÅG) har reist namnesak på bygda Årebrot. Årebrot er ikkje registret som bygdenamn i Sentralt stadnamnregister.Grendalaget ynskjer å få Årebrot (ikkje bunden form Årebotet) som namn på bygda frå Årebotsodden til Seljestokken/Breivika. Det er ulikt korleis Årebrot vert nytta i ulike stadnamn. Det heiter Årebrotsneset og Årebrotsvågen, men Årebrot fyr og Årebrot grendahus.Vidare heitte skulen Årebrot skule heilt attende til 1902. Styret i BÅG oppfattar etter innlegg på facebook og heimeside og diskusjonar i bygda at det er full semje mellom folk i grenda for å nytte namnet Årebrot. Styret i grendalaget har vedtak på det same. Offentleg høyring og frist for innspelEventuelle merknader/innspel kan sendast til kommunen på elektronisk høyringsskjema. De kan og sende merknader/innspel i post til Kinn kommune, Postboks 294, 6701 Måløy, eller via e-post til post@kinn.kommune.no, seinast 11.08.2025. Publisert 07.07.2025 08.42 Sist endra 07.07.2025 08.42