Føremålet med rullering av kommuneplanen sin arealdel
Kommunen skal ha ein arealplan for heile kommunen som viser samanhengen mellom framtidig samfunnsutvikling og arealbruk. Kommuneplanen skal mellom anna vurderast i høve arealbruk for komande fireårsperiode. Ved rullering vil det mellom anna vere behov for å sjå på
- oppdatering av rammer for arealdisponering i samsvar med Kinn kommune sine visjonar for utvikling av kommunen
- nytt lovverk
- nye nasjonale og regionale føringar. Sjå kap. 5 i planomtalen
Oppheving av gamle reguleringsplanar
Områder i den nye arealdelen inkluderer gamle reguleringsplanar som er heilt eller delvis utbygd. Resterande bygging kan difor gjerast i samsvar med den nye kommuneplanen når den er vedtatt. Innkomne merknader som vi har fått tidlegare knytt til oppheving av gamle reguleringsplanar er samkøyrt med framlegg til den nye kommuneplanen sin arealdel.
Her finn du høyring om oppheving av gamle reguleringsplanar
Om planforslaget
Forslag til ny kommuneplan består av plankart, føresegner, planomtale og konsekvensutgreiing/ROS-analyse. I tillegg følgjer, temakart og fleire grunnlagsrapportar som vedlegg til planen. Som del av sakshandsaminga, er også innspel frå oppstartsvarslinga og fram mot årskiftet 2022/23 oppsummert og vurdert i eit eige vedlegg til saka til plan-, miljø og næringsutvalet.
Hovudtrekka i arealplanen er vurdering av kva areal kommunen meinar bør leggast til rette for ulike typar utbygging og kva areal der det ikkje bør byggast ut. I vurderingane er det lagt til grunn nasjonale/regionale/kommunale føringar for arealbruk, ulike typar fareområde, natur-, kultur-, friluftsområde og andre interesser eller konsekvensar m.m.
Om Skram skule og arealplanar
Ein arealplan, er ein plan som fortel kva eit område eller ei tomt skal kunne brukast til – altså kva som kan byggast der eller kva som ikkje kan byggast der. Til dømes held Kinn kommune for tida på med to ulike arealplanar for Skram skule: ein kommuneplan som gjeld for nesten heile Kinn kommune, og ein reguleringsplan som gjeld for skuletomta for Skram skule og tomtar omkring.
Her finn du informasjon om forskjellane på kommuneplanen og eigen reguleringsplan for Skram skule
Slik kan du påverke
Planframlegget er tilgjengeleg for gjennomsyn i tidsrommet 07.07.2023 – 03.11.2023.
Kommunen sine innbyggarar skal ha gode høve for medverknad og informasjon i høyringsperioden. Det er difor lagt opp til informasjonsmøter og opne plankontor i Måløy og Florø.
Oppsett for informasjon og medverknad inneber at høyringsfrist må utsettast/forlengast. Ny høyringsfrist vert sett til 3. november 2023.
informasjonsmøte og ope plankontor i Måløy
Informasjonsmøte 20. september 2023, Kl. 17.30-19.30
Måløy Rådhus, 3. etg i Formannskapssalen. Inngang frå Sjøgata.
Du kan også følgje møte direkte via kinn.kommunetv.no, eller sjå opptak i ettertid
Ope plankontor (du treng ikkje å bestille time)
Måløy Rådhus, 3. etg, inngang frå Sjøgata på ettermiddag/kveld:
- Torsdag 28.09.2023, kl. 16.00-20.00
- Onsdag 04.10.2023, kl. 10.00-15.00 og kl. 16.00-20.00.
- Torsdag 05.10.2023, kl. 16.00-20.00
informasjonsmøte og ope plankontor i Florø
Informasjonsmøte på Florø kulturhus
21. september 2023, Kl. 17.30-19.30.
Du kan også følgje møte direkte via kinn.kommunetv.no, eller sjå opptak i ettertid
Ope plankontor (du treng ikkje å bestille time)
På Florø Kulturhus, 1. etg. Inngang Tenestetorget:
- Torsdag 28.09.2023, kl. 16.00-20.00
- Onsdag 04.10.2023, kl. 10.00-15.00 og kl. 16.00-20.00.
- Torsdag 05.10.2023, kl. 16.00-20.00
SMS-varsling
Du som bur i Kinn kommune og har mobiltelefon, vil få varsel om planarbeidet på SMS. Det vart sendt ut eit varsel ved kunngjering, og det kjem eit nytt varsel omlag 1 veke før informasjonsmøtene.
Send oss dine innspel
Eventuelle merknader/innspel, skal vere skriftleg og skal sendast til Kinn kommune innan 3. november
Her finn du planutkastet og alle tilhøyrande dokument
Planframlegget med relevante dokument kan sjåast ved å klikke på vedlegga under.
Du kan også sjå kart via vår kartportal. Der kan du zoome inn på den staden du skal, og tar deretter på kartlaget «Kommuneplan på høyring». Nedanfor kan du sjå informasjonsfilm om korleis du bruker kommunekartet for å finne reguleringsplanar og kommuneplanen sin arealdel.
Lovverk