Forenkla høyring: Reguleringsendring for Barlindbotn

iVest Consult AS har på vegner av Barlindbotn AS utarbeidd søknad om endring av eldre reguleringsplan for Barlindbotn, gbnr.72/5, Hytter, i samsvar med PBL § 12-14, 2. ledd (forenkla prosess).

Føremålet med søknad om reguleringsendring

Hovudføremålet med planen er å gjere ein mellombels bygning permanent, justere hyttetomtene for betre terrengtilpassing, sikre tilkomst, og tilpasse vegtraseen slik at den stemmer med den etablerte situasjonen.

Utnyttingsgraden for fleire hyttetomter er òg auka, basert på føringar i overordna plan. Hyttene har fått auka storleiken frå 100 m2 og 120 m2 til 120 m2 og 150 m2, slik Kommuneplanens arealdel 2017–2027 opnar for.

Endringsforslaget, som er vist i vedlegg 3, er godt dokumentert, og administrasjonen vurderer at auken i utnyttingsgrad ikkje vil vere til vesentleg ulempe for området.

Tiltaka er vurdert å vere i samsvar med føremålet og intensjonane i gjeldande reguleringsplan, og i tråd med prinsippa og føringane i kommuneplanens arealdel.

Forenkla høyring og frist for innspel

Planendringa er tilgjengeleg for gjennomsyn i tidsrommet 06.09.2024 til 04.10.2024.

Dersom du har spørsmål knytt til endringa, ta kontakt med iVest Consult AS. Kontaktinformasjon tlf. 91 39 62 01, og e-post post@ivestconsult.no.

Vi ber om at merknader/innspel til forslag til endring vert sendt til: iVest Consult AS, Strandgata 10, 6905 FLORØ. 

Vedlegg til høyringa