Eigedomsskatteliste for 2025

Eigedomsskattelista skal ligge ute til offentleg gjennomsyn i minst 3 veker etter at det er kunngjort at lista er lagd ut.  Skattelista for 2025 er lagt ut til offentleg gjennomsyn i 4 veker frå måndag dag 27. januar, fram til 28. februar.

Lista viser dei skattepliktige eigedomane med adresse, matrikkelnummer (gards- og bruksnummer), eigedomsskattetakstane, skattesatsen og utrekna eigedomsskattebeløp. 

Klage på fastsett eigedomsskattetakst kan fremjast kvart år i samband med den årlege utskrivinga av eigedomsskatt, dersom det ikkje er klaga på same grunnlag tidlegare år. Klagen skal sendast ved å bruke det digitale klageskjemaet som du finn nedanfor, innan 6 veker etter datoen for kunngjering av eigedomsskattelistene. Dersom klagen ikkje kan sendast digitalt, må klagen sendast skriftleg til eigedomsskattekontoret.

E-skjema: Klage på eigedomsskatt

Postadresse: Eigedomsskattekontoret i Kinn, Postboks 294, 6701 Måløy.