Eigenmeldinga gjeld for
- dei som skal arbeide i helse- og omsorgstenesta eller trer inn igjen i stilling etter permisjon
- vikarar og personar i opplæring, hospitering og utplassering
Informasjon om utfylling av eigenmeldinga
Generelt:
Arbeidstakar er ansvarleg for å fylle ut skjema og sende det til sin leiar seinast to veker før du byrjar i arbeid (det gjer du no, ved å sende inn skjemaet). Leiar skal kontrollere at skjema er fullstendig utfylt, og tek kontakt med deg dersom opplysningane krev vidare tiltak.
Tuberkulose:
Personar som i løpet av de siste tre åra har opphalde seg samanhengande i meir enn tre månader i land med høg førekomst av tuberkulose, og som skal arbeide med barn, sjuke eller pleietrengande, plikter å møte til tuberkuloseundersøking. Dette gjeld og personar som er under opplæring eller hospitering i slikt arbeid. Det er arbeidsgjevar si plikt å sikre at nødvendig undersøking er utført før oppstart av arbeidet. Plikten er heimla i Forskrift om tuberkulosekontroll § 3.1 og 3.2.
MRSA (antibiotikaresistent bakterie):
Helsearbeidaren si plikt til å teste seg for MRSA er heimla i Forskrift om forhåndsundersøkelse av arbeidstakere innen helsevesenet - antibiotikaresistente bakterier §4.
Prøver skal takast etter opphald på helseinstitusjon som bebuar eller helsearbeidar i løpet av siste 12 månader i land utanfor Norden. Prøver skal og takast etter arbeid i barneheim eller flyktningleir, eller arbeid/opphald norsk helseinstitusjon med MRSA-utbrot, etter arbeid i barneheim, eller ved annan kjent kontakt med MRSA-smitta personar i løpet av siste 12 månader.