Vilkår
Tilskotet skal ikkje gå til dagleg drift av lag eller organisasjonar. Aktuelle lag og organisasjonar som driv kulturarbeid, kan få tilskot til å gjennomføre større prosjekt. Med kulturarbeid meinast tradisjonelt kulturarbeid som teater, musikk, barne- og ungdomsarbeid, idrett og andre fritidstilbod.
Lag og organisasjonar som primert tek vare på yrkesmessige og økonomiske interesser til medlemmane, politiske parti og ungdomsorganisasjonar, samt organisasjonar der ein sentral del av verksemda er å samle inn midlar til andre formål enn kultur, vil ikkje verte tildelt tilskot.
Andre vilkår for å få tilskot er følgande:
• Tilskotet delast ut til frivillige lag og organisasjonar. Lag og organisasjonar med born og unge under 20 år vert prioritert.
• Søkar må sende søknad på riktig skjema og innan fristen. Hovudlaget/hovudorganisasjonen må stå som søkar.
• Tilskotet skal gå til aktivitet/prosjekt som utløyse aktivitet for fleire born og unge og skal stimulere til arbeid i frivillige lag og organisasjonar og oppmuntre desse til positive tiltak.
• Minste tilskotsbeløp som vil verte tildelt er kr 10 000.
• Kvalheim Kraft har anledning til å stille ytterlegare krav for tildeling av tilskotet.