Kommunen har eit ansvar for å bidra til at alle har ein god og trygg stad å bu. Kommunen vil vurdere kva type bistand den enkelte har behov for og kva alternativ som finns.
For å kunne behandle din søknad, er det nødvendig med følgande dokumentasjon som skal leggast ved:
- Dokumentasjon på inntekt (lønnsslippar, pensjon, sosialstønadar og bidrag osv.)
- Siste tilgjengelege skattemelding
- Leigekontrakt og eventuell oppseiing dersom du leiger bustad i dag
- Bekreftelse på sosiale eller medisinske forhold som har betydning for busituasjonen.
Generell informasjon:
- Tildeling skjer ut frå ei skjønnsmessig vurdering og på grunnlag av gjeldande retningsliner.
- Ordninga er behovsprøvd.
- Kommunal utleigebustad prioriterast primært til vanskelegstilte bustadsøkarar som sjølv er utan moglegheit til å skaffe seg alternativ bustad.
- Du vil normalt høyre frå oss innan 3 veker.
- Vanlegvis må du møte for ein samtale.