Planoversikt
Her finn du ei oversikt over planar knytt til samfunnsplanlegging. Arealplanar er ikkje med i denne oversikta, dei finn du her.

Planoversikta er lagt ut på heimesidene og du kan navigere deg fram frå startsida til Kinn kommune, deretter til Økonomi og planlegging og til sist gå inn på sida Planoversikt.
Visning i planoversikta og velje plan

Du kan velje å vise planar etter aktuelle planar, planar etter plantype og planar i alfabetisk rekkefølgje. I dømet er planane vist etter plantype. Du opnar visning av planar under dei ulike plantypane ved å klikke på pila ved sidan av plannamnet (1). Dersom du ynskjer å sjå på samfunnsdelen klikkar du på planen (2).
Sjå på ein plan

I dette bildet som kjem fram etter at du har valt ein plan får du fram kontaktinformasjon, lenke til politisk handsaming, ei kort oppsummering, nokre vedlegg og ei lenke til sjølve planen. Når du klikkar på denne lenka opnar det seg ei ny nettside med sjølve planen.
Navigere i ein plan
Til venstre i bildet er namnet på planen. Øvst til høgre kan du klikke på Meny. Her kan du velje «Vis planen på ei side» dersom du vil lese planen som ei samanhangande side. Du kan og klikke på eit delkapittel som du vil lese.
Midt på plansida finn du ei ramme som heiter Kapittel. Her har du ei oversikt som viser dei ulike kapitla i planen. Dersom du t.d. klikkar på kapittel 2 får du dette kapittelet opp som ei eiga nettside med oversikt over delkapittel i venstremargen. Du kan bla deg nedover i kapittel 2 frå start til slutt eller du kan hoppe mellom delkapittel ved å klikke i venstremargen på det delkapittelet du vil lese. Øvst i venstremargen er ein knapp som fører deg attende til framsida.

Vise innhald i til dømes kapittel 2.5 “Mål for utvikling”
Blå tekst gir høve til å vise meir informasjon eller sortere informasjon. Du kan sortere på ulike filtre og du kan få meir informasjon ved å klikke på tekst, sjå døme under der det kjem opp forklaring til Hovudmål og delmål når du klikkar på dei.



Ikon i målkapittel
I målkapittel er det vist ikon for ulike element knytt til satsingsområde, hovudmål og delmål. Dette får du opplista dersom du klikkar på elementet. Du kan og få opp forklarande tekst ved å klikke på pil ved tittelen eller du kan opne forklaring på alle. Oppdrag er utviklingstiltak som kan gjennomførast innanfor driftsrammene til kommunen. Tiltak er aktivitetar som føreset anten auke eller reduksjon i driftsrammer. Investeringar er tiltak som kan inngå i investeringane til kommunen.
