Kinn Kommune

Aktuelt

23.06.2022 08.43

Manntalet i Kinn kommune

Manntalet i Kinn kommune

Manntalet er oversikta over alle som har røysterett i ein kommune. For å kunne røyste må du stå innført i manntalet i Kinn kommune.

Alle personar med røysterett førast automatisk inn i manntalet i den kommunen dei var registrert i Folkeregisteret som busett per 30. juni. Om du har flytta til ein annan kommune etter 30. juni, er du framleis registrert i manntalet, og du har røysterett. 

Sjekk om du står i manntalet 

Manntalet til førehandsøystinga vert lagt ut til gjennomsyn f.o.m. 1. august og fram til valet 1. september. Du kan då sjekke om du står i manntalet i Kinn på Informasjon og service på rådhuset i Måløy, Gate 1 nr 120, og på Informasjon og service i Florø, Markegata 51.  

Du kan også ringe Kinn kommune på tlf. 57 75 60 00, og få opplyst over telefon om du står i manntalet.