Kinn kommune sine retningslinjer for klage på rådgjevande folkerøysting er utarbeidd med utgangspunkt i kapittel 13 i vallova.
Kven kan klage
Alle som har røysterett kan klage over tilhøve i samband med førebuinga og gjennomføringa av den rådgjevande folkerøystinga i kommunen. Dersom klaga gjeld spørsmål om røysterett eller tilgangen til å røyste, kan òg dei som ikkje er mantalsførte fremje klage.
Klagefrist
Klaga må fremjast innan sju dagar etter dagen for folkerøystinga. Klage på oppgjeret må fremjast innan sju dagar etter at oppgjeret er godkjent.
Korleis klage
Klaga skal leverast til kommunen skriftleg og blir handsama av kommunestyret.
Du kan sende din klage til:
Kinn kommune
Postboks 294, 6701 Måløy
eller per e-post til: post@kinn.kommune.no
Publisert avFrida Rogne
Publisert22.06.2022 12.46
Sist endra22.06.2022 12.49