Kinn Kommune

Aktuelt

23.06.2022 08.43

Førehandsrøysting

Førehandsrøysting

Dersom du ikkje har høve til å røyste på valdagen 1. september, kan du førehandsrøyste i perioden 02. august til 30. august. Du kan røyste på den staden som passar best for deg. 

Førehandsrøystinga går føre seg i opningstida 09.00 – 15.00, frå 02. august til 30. august på:

  • Informasjon og service (servicetorget) i Florø, Markegata 51
  • Informasjon og service (servicetorget) i Måløy, Måløy rådhus, Gate 1

Hugs gyldig legitimasjon med bilde!

Utvida moglegheit for førehandsrøysting

Følgjande dato har vi utvida opningstid for førehandsrøysting på Informasjon og service (servicetorga):

  • Torsdag 25. august kl. 09.00-18.00.

Kjøpesenter

Laurdag 27. august kan du røyste ved kjøpesenter i Florø og Måløy, mellom kl. 11.00 – 15.00.

  • AMFI i Florø
  • Måløy Stormarked
  • Måløy Brygge

Røystebåt

I veke 34, torsdag 25. august, kjem røystebåten til øyane i Florø. Ruta ser slik ut (med atterhald om endringar):

  • Årebrot kai: kl. 09.00 - 10.00
  • Barekstad: kl. 10.15 - 11.15
  • Batalden: kl. 11.30 - 12.30
  • Skorpa: kl. 12.45 - 13.45
  • Rognaldsvåg: kl. 14.00 - 15.00
  • Askrova: kl. 15.15 - 16.15
  • Svanøy: kl. 16.30 - 17.30

Ta med gyldig legitimasjon med bilde!

Røysting på institusjonar og skular

  • Furuhaugane omsorgssenter, tysdag 23. august, kl. 09.00 – 11.00. 

  • Docen I, tysdag 23. august, kl. 11.30 – 12.30. 

  • Markegata 55 (Docen II), tysdag 23. august, kl. 13.00 – 14.30. 

  • Allhuset i Eikefjord, onsdag 24. august, kl. 09.00 – 10.30. 

  • Havrenesvegen 28, onsdag 24. august, kl. 11.30 – 12.30. 

  • Flora vidaregåande skule, fredag 26. august, kl. 09.30 – 14.00. 

  • Måløy vidaregåande skule, torsdag 25. august, kl. 12.00 - 13.00. 

  • Florø omsorgssenter, onsdag 24. august, kl. 13.00 – 14.30. 

  • Kulatoppen omsorgssenter, tysdag 23. august, kl. 15.30 - 17.00.   

  • Skaretun omsorgssenter, onsdag 24. august, kl. 15.30 - 17.00. 

  • Gate 2, omsorgsbustader, onsdag 24. august, kl. 11.00 - 12.00. 

  • Selstadgården, omsorgsbustader, onsdag 24. august, kl. 13.00 - 14.00. 

Ambulerande røystemottak - heimerøysting

Dersom du på grunn av sjukdom eller funksjonshemming ikkje kan møte opp og røyste der det vert halde førehandsrøysting, kan du søkje valstyret om å få røyste heime.

Du kan fram til fredag 26. august kl. 10.00 søke om å røyste heime.

Då ringer du valansvarleg på telefon 57 75 60 00 eller sender skriftleg søknad til:

Kinn kommune
Valstyret
Postboks 294
6701 Måløy

Eller per e-post til post@kinn.kommune.no.