Kinn Kommune

Aktuelt

23.06.2022 08.43

Brevrøyster

Brevrøyster

Om du ikkje har moglegheit til å møte opp på røystelokala i førehandsrøysteperioden eller på valdagen kan du laste ned stemmesetelen du vil ha og sende den til oss per post. Du kan også ta kontakt med informasjon og service dersom du ønskjer at vi skal sende deg stemmesetel og valkort. 

Følg rettleiinga nedanfor. 

Stemmesetel 1 - Kinn kommune skal delast i to kommunar (PDF, 2 MB)
Stemmesetel 2 - Kinn kommune skal halde fram som ein kommune (PDF, 2 MB)
Stemmesetel 3 - Blank (PDF, 2 MB)
Valkort - print ut valkortet og fyll inn kontaktinformasjonen din (PDF, 51 kB)

  1. Brevrøyster må sendast i god tid slik at Kinn kommune mottek den innan 30. august. 
  2. Last ned den stemmesetelen du vil ha + valkortet
  3. Ta kopi av legitimasjonen din (gyldig legitimasjon med bilde, (for eksemlel førarkort eller bankkort med bilde)
  4. Skriv ut stemmesetelen, valkortet og kopi av gyldig legitimasjon og fyll inn informasjonen din i valkortet (PDF, 51 kB) (ikkje skriv namnet ditt på stemmesetelen)
  5. Legg stemmesetel i eigen konvolutt
  6. Legg konvolutten med stemmesetel i ein ny konvolutt saman med valkortet og legitimasjonen din (dette for å ivareta prinsipp for gjennomføring av hemmeleg val)
  7. Send til valstyret i Kinn kommune per post, konvolutten merkar du slik:
    Kinn kommune
    Valstyret
    Postboks 294
    6701 Måløy