Møtereglement

2. Definisjonar

Dagsorden: I dette reglementet brukt også om forretningsorden. Eit samleomgrep for måten eit møte, ei sak eller ei avrøysting blir avvikla på.

Folkevald organ: Kommunestyre, formannskap og andre utval valde av kommunestyret, etter kommunelova §5-1.

Gruppeleiar: Den som til ei kvar tid vert utpeika av si kommunestyregruppe til å vere denne sin gruppeleiar. Alle har rett til å vere representert av ein gruppeleiar, også dersom ein melder seg ut av det parti eller den gruppering ein vart vald inn for (ref. punkt 2.8 i dokument – Politiske organisering og delegering)

Innstilling/tilråding: Innstilling er å forstå på lik linje med eit framlegg til vedtak som vert sett fram i møte, og som skal handsamast i møtet. Innstilling kan kome frå kommunedirektøren, frå eit utval eller frå formannskapet.

Interpellasjon: Utvida, grunngjeve spørsmål til møteleiar. Interpellasjonar kan innehalde framlegg tilvedtak.

Kommunestyregruppe: Dei folkevalde som er valde inn i kommunestyret frå ei liste og som fortsatt er medlem i same parti/gruppering. Om nokon melder overgang til anna parti eller gruppering kan dei reknast som medlem i den nye gruppa. Dersom fleire melder seg ut av si kommunestyregruppe utan å melde overgang til anna parti eller gruppering, skal dei oppmodast om å danne ei uavhengig gruppe. Alle grupper bør ha ein gruppeleiar.

Mindretalsanke: Ein reglementsfesta rett for eit mindretal til å anke eit vedtak inn for eit anna organ

Møteleiar: I kommunestyret og formannskapet er dette ordføraren. Dersom ordføraren ikkje kan leie møtet ligg det til varaordførar. I andre utval er det den valde leiaren av utvalet som leier møta. I denne sitt fråvær er det nestleiar som leier. Dersom det er fleire nestleiarar er det 1. nestleiar som vikarierer for leiar. Dersom ingen av dei ovanfor nemnde kan leie møtet skal det veljast ein møteleiar blant organet sine medlemer.

Protokollmerknad: En protokollmerknad er ein spesiell merknad/kommentar som ein eller fleire representer vil ha med i protokollen (referatet) frå møtet

Valnemnd: Legg fram forslag val til alle utval, organ og styrer utanom formannskapet. Valnemnda vert vald av kommunestyret.