Her skal du vise til kvifor du treng dispensasjon frå gjeldande plan. Av reglane går det fram at ein søknad om dispensasjon skal grunngjevast. Grunngjevinga skal være knytt til relevante moment i høve kva paragraf det vert søkt om dispensasjon frå. Til dømes ved søknad om dispensasjon frå bygge- og deleforbod i strandsona og LNF-område i gjeldande kommuneplan vil moment i høve kjende kulturminne, naturforhold, ålmenta sin bruk av området, privatisering, storleik på inngrep, tilpassing til eksisterande bygg o.a. vere moment som bør vere ein del av grunngjevinga.
Ved søknad om dispensasjon frå reguleringsplan er moment som tilpassing til eksisterande utbyggingsmønster, arkitektonisk utforming, ulempe for nabo i høve redusert soltilhøve o.a. moment som bør vere ein del av grunngjevinga. Dokumentasjon vedrørande desse forholda kan og leggast ved søknaden.
Grunngjeving i høve personlege, familære og økonomiske tilhøve kan ikkje vektleggast ved vurdering av ein dispensasjonssøknad.