Her fyller du ut informasjonen slik at feil og manglar på
dine bygg blir retta i matrikkelen.
Typiske feil kan vere feil areal, feil antall etasjer,
eller feil antall brukseiningar. Du må dokumentere kva du meiner er
korrekt.
Dokumentasjon som kan nyttast er bilder, godkjente teikningar og
ev. takst (her gjer vi merksam på at kommunen bruker BRA og BTA, på
takstrapport kan det bli brukt anna utrekning av areal).
Om
feilen er reel vert informasjonen registrert i matrikkelen.
Typiske manglar er antall rom, antall bad, oppvarmingstyper,
energikilde, vannforsyning, kva type avløp, antall piper, areal og
brukseiningar osv. Dette gjeld
ofte eldre bygg, men feil og manglar kan og oppstå på nyare bygg.
Om du har ein feil
eller mangel på bygget ditt er det fint om du fyller ut all informasjonen vi
etterspør så informasjonen på ditt bygg blir så korrekt som mogeleg.