Forskrift om parkering for forflytningshemmede
Parkeringsløyve er meint som hjelpemiddel for personar som på grunn av vesentleg nedsett forflytningsevne
har eit særleg behov for parkeringslette på ein eller fleire konkrete stader. For at parkeringsløyve skal gjevast,
er det ikkje tilstrekkeleg å påvise ein sjukdomstilstand som avgrensar forflytningsevna. I tillegg krevst det at
det ordinære parkeringstilbodet ikkje er tilstrekkeleg til å dekke søkaren sitt behov. Parkeringsløyvet er ikkje
meint som ei økonomisk støtteordning. Problem med å bære vert i liten grad vektlagt.
Legeerklæring
Legeerklæringa skal vere godt utfylt med opplysningar om din medisinske situasjon,
diagnose samt kor mange meter du er i stand til å gå med og utan hjelpemiddel og om du nyttar krykker,
stokk, rullator eller rullestol. Erklæringa dannar det medisinske grunnlaget for vurderinga.
Din søknad
Det er i sjølve søknaden du må få fram opplysningar som tilseier at du har eit særleg behov for
parkeringslette. Det vil seie at du må beskrive kvifor det ordinære parkeringstilbodet på stadene du ofte
besøker ikkje kan nyttast. I søknadsskjemaet er det tatt med ulike forhold vi ønskjer svar på. Det anbefalast
at du fyller det ut nøye, slik at vi får eit godt bilde av ditt behov, samt at vi ikkje brukar unødig lang tid på
handsaming av søknaden.
Tenk godt over:
- Kvar er det du har problem med å parkere og kor ofte er du her? (stadsnamn/gatenamn må du oppgje)
- Kvifor er det vanskeleg å parkere her?
- Kva slags parkeringsplassar finst det her?
- Kva er det som gjer at du ikkje kan nytte dei ordinære plassane her?
- Korleis vil eit parkeringsløyve konkret hjelpe deg på desse bestemte stadene?
- Er du ofte til behandling, opptrening eller hos lege så høyr om du kan få dokumentasjon på dette.
Søker du som passasjer?
Forflytningshemma som ikkje køyrer sjølv, skal som hovudregel køyrast til
reisemålet og følgjast inn. Deretter skal bilførar flytte bilen til ordinær parkeringsplass. Det er ikkje naudsynt
med parkeringsløyve for å gjere dette. Difor vert parkeringsløyve tildelt når den som er passasjer ikkje kan
forlatast åleine (for eksempel på venterommet) mens bilen vert flytta. Dette må gå fram av legeerklæringa og
søknaden.
Vedlegg
Passfoto av deg sjølv og kopi av førarkort dersom du søkjer som førar av bil (kopi av begge sider
av førarkortet). Førarar over 75 år må syte for å legge ved kopi av gyldig førarkort som er fornya av Statens
Vegvesen etter framlegg av helseattest.