Kinn Kommune

Koronavirus

06.03.2020 12.44

Telefontenester held fram: Praktisk hjelp og Samtale-telefon

Telefontenester held fram: Praktisk hjelp og Samtale-telefon

Klikk for stort bileteRing oss om du treng hjelp!I samband med koronasituasjonen har vi to telefontenester: ein for deg som treng praktisk hjelp, og ein annan telefon for deg som vil snakke om noko som er vanskeleg. Telefonane er opne frå kl. 09.00 - 15.00 i vekedagar.

Telefon for praktisk hjelp: 97 99 18 02

Ring dette nr dersom du treng praktisk hjelp med noko.

Telefonen er for alle innbyggjarane i Kinn.

Kven svarer?

Kommunen og frivilligsentralane samarbeider med frivillige organisasjonar og enkeltpersonar som står klar for å hjelpe deg.

Kva kan du få hjelp til?

Til dømes hente og levere naudsynte varer frå butikkar/apotek.
Andre praktiske oppgåver du treng hjelp med.

SAMTALE-telefon

  • Tlf. Måløy: 970 42 642
  • Tlf. Florø: 957 10 073

Treng du å snakke om noko som er vanskeleg? Vi snakker gjerne med deg, om du vil snakke med oss.

Når livet blir snudd på hovudet kan det vere fint å ha nokon å prate med.

Dette er eit tilbod til alle innbyggjarane i Kinn.

Kven får du snakke med?

Telefonen blir bemanna av tilsette ved Kinn psykisk helse og rus. Det er ein uforpliktande samtaletelefon og alle har teieplikt.