Telefonteneste held fram: Samtale-telefon
Ring oss om du treng hjelp!I samband med koronasituasjonen har vi ein telefonteneste for deg som vil snakke om noko som er vanskeleg. Telefonen er ope frå kl. 09.00 - 15.00 i vekedagar.
SAMTALE-telefon
- Tlf. Måløy: 970 42 642
- Tlf. Florø: 957 10 073
Treng du å snakke om noko som er vanskeleg? Vi snakker gjerne med deg, om du vil snakke med oss.
Når livet blir snudd på hovudet kan det vere fint å ha nokon å prate med.
Dette er eit tilbod til alle innbyggjarane i Kinn.
Kven får du snakke med?
Telefonen blir bemanna av tilsette ved Kinn psykisk helse og rus. Det er ein uforpliktande samtaletelefon og alle har teieplikt.
Publisert avHenrik Ulriksen
Sist endra03.11.2020 15.00