Kinn Kommune

Koronavirus

Nasjonal informasjon om koronaviruset finn du på Helsenorge og Folkehelseinstituttet.

08.03.2021 07.58

Skjenking og servering under koronasituasjonen

Skjenking og servering under koronasituasjonen

Klikk for stort bileteFrå natt til fredag 22. januar vert vedtak om skjenkestopp oppheva av regjeringa. Dette gjeld kommunar med lågt smittetrykk, og berre i samband med matservering.

Folkehelseavdelinga vil med dette minne om regelverket knytt til smittevern, samt kartlegge smittevernrutinane til alle serveringsstader med skjenkeløyve i Kinn kommune.

Gjeldane regelverk

Covid-19-forskriften § 14a regulerer krav til smittevern for forsvarleg drift ved serveringssteder og beskriv følgande avstandsreglar:

(…) Smittevernfaglig forsvarlig drift innebærer at virksomheten skal sørge for at besøkende og personell kan holde minst 1 meters avstand til personer i annen husstand, at den har utarbeidet rutiner for god hygiene og godt renhold, og at disse rutinene blir overholdt. Serveringsstedet skal sørge for at det er minst 1 meters avstand mellom sitteplassene ved gjesters ankomst og at det tas hensyn til dette ved bestilling av bord, likevel slik at husstandsmedlemmer kan sette seg nærmere hverandre. Serveringsstedet skal treffe tiltak for å minne besøkende om at de bør holde avstand til andre enn husstandsmedlemmer.

Verksemda er pliktig å legge til rette for å ha tilpassa lokale slik at avstandsreglane på 1 meter mellom gjestane kan bli følgd. Verksemda må vurdere tak for tal gjester.

Ein generell regel er 1 gjest per 4 m2. Verksemda skal minne gjestane på å følgje gjeldane regelverk. Gjestar som på verksemda sitt område ikkje følgjer regelverket, bør etter fleire oppmodingar visast bort frå staden. At gjestane vel å ikkje innrette seg reglane utanfor verksemda sitt område er ikkje verksemda sitt direkte ansvar, men det er viktig å legge til rette for god køhandtering.

Jamfør forskrifta har verksemda ikkje anledning å servere gjestar og la gjestar bestille drikke i barområdet:

Ved serveringssteder som har skjenkebevilling skal servering av alkohol skje ved bordservering, og det skal være sitteplasser til alle gjester. Kommunen kan forby skjenking av alkohol etter smittevernloven § 4-1.

Verksemda må legge til rette for at bestilling av mat og drikke skjer ved bordet. Mat og drikke skal leverast til bordet, eller til fast hentepunkt.

Forskrifta oppmodar verksemda om å registrere kontaktopplysingar (namn, telefonnummer, dato, tidspunkt) til gjestane. Dette er viktig for å kunne hjelpe kommunen å gjennomføre ev. smitteoppsporing i ettertid. Desse opplysingane skal oppbevarast forsvarleg og slettast etter 14 dagar.