Kinn Kommune

Serviceskyss har starta opp att

Serviceskyss har starta opp att

Klikk for stort bileteKinn kommuneKringom sine serviceskyssruter har starta opp att frå tysdag 31. mars.

Som før er rutene opne for alle, men på grunn av koronasituasjonen gjer Kringom nokre tilpassingar for å legge til rette for at sjåførane og dei reisande i minst mogleg grad vert eksponert for smitterisiko.
Det er laga eigne retningslinjer som vil gjelde inntil vidare.
 
Informasjon om gjeldande retningslinjer for serviceskyss-rutene, samt ruter og tinging finn du på Kringom.no.