- Tenesta følgjer med på råd og rettleiarar frå Folkehelseinstituttet, og set i verk tiltak i samsvar med dette.
- Vi har innskjerpa og utvida våre rutinar for smittevern og desinfeksjon av utstyr og overflatar i lokala og bilar.
- Vi held ein meters avstand i alle situasjonar det let seg gjere, og vi handhelsar ikkje.
- Ingen tilsette er på jobb om dei har symptom på luftvegsinfeksjon. Desse skal halde seg heime til dei er friske, og dei vert testa for koronavirus om det er mistanke om denne typen sjukdom.
- Heimetenesta skal berre utføre tenester du har fått vedtak på, som til dømes personleg hjelp, matlaging og helsehjelp. Heimetenesta skal ikkje utføre arbeid på vegne av andre.
- Vi oppmodar alle til å være ekstra oppmerksame slik at vi saman kan førebyggje spreiing av smitte i Kinn kommune så lenge som mogeleg.
- Vi vil ha eit auka fokus på bruk av teknologiske løysingar som tiltak for å unngå smittespreiing.
Folkehelseinstituttet
Vi ønskjer at pårørande og brukarar tek omsyn til heimetenesta slik at vi kan sikre at våre verdifulle helsefagarbeidarar, sjukepleiarar og assistentar kan halde seg friske og halde fram med å gjere den gode jobben dei gjer.
På nettsidene til Helsenorge og Folkehelseinstituttet finn ein god og oppdatert informasjon om råd til risikogruppene og befolkninga elles.
Ta kontakt med oss om du har spørsmål!
Med venleg helsing Heimetenesta i Kinn kommune