Kinn Kommune

Koronavirus

Nasjonal informasjon om koronaviruset finn du på Helsenorge og Folkehelseinstituttet.

09.03.2021 09.32

Rutinar for besøk på institusjon (korona)

Rutinar for besøk på institusjon (korona)

Klikk for stort bileteOmsorgsinstitusjonane våre er opne for besøk igjen. Men du må framleis følgje dei nasjonale retningslinene som du finn på FHI.no.

Omsorgsinstitusjonar opnar for besøkande igjen (veke 10)

Vi kan med glede melde at dei fleste av våre pasientar no er fullvaksinerte. Det betyr at frå neste veke opnar vi omsorgsinstitusjonane våre for besøkande. Du kan besøke utan  å avtale på førehand. Du treng ikkje skrive deg inn i besøksprotokoll. Og det vil vere mogleg å nytte fellesareal og stover.

Sjølv om vi no opnar opp, er det viktig at alle følger dei nasjonale retningslinene og tek omsyn til tilsette og andre besøkande som ikkje er fullvaksinerte endå.

Du må framleis følgje dei nasjonale retningslinene for smittevern og avstand:

  • Hald avstand til andre pasientar/tilsette (1 meter)
  • Hald hendene reine, vaske hender/spritvask ved ankomst
  • Hald deg heime om du er sjuk
  • Hald deg heime dersom du ventar på testsvar
  • Hald deg heime ein karanteneperiode dersom du har vore i ein del av landet med stor smitte
  • Bruk sunn fornuft og ta ansvar
  • Spør om du er i tvil!

Vi ynskjer besøkande velkomen, og vi er glade for å kunne opne institusjonane våre igjen!