Kinn Kommune

Opning og drift fram mot 15. juni

Opning og drift fram mot 15. juni

Klikk for stort bilete  

 

 

 

 

 

I går la regjeringa fram ein plan for opning av samfunnet. Kinn kommune skal følgje dei nasjonale retningslinene.

Måndag 11. mai vil vi gå gjennom dei sektorvise planane og godkjenne dei.  Måndag ettermiddag vil informere om dei.

Vi legg opp til at:

  • Skular og barnehagar vil bruke neste veke på ei gradvis opning til tilpassa normal drift frå 18 mai.  Her kan skuleskyss bli ei utfordring.
  • Dei kommunale kultur- og idrettsanlegga vil gradvis opne frå neste veke.
  • Dei kommunale publikumstenestene vil vere opne frå 18. mai.
  • Vi vil etablere tiltak for smittevern i heile kommunen, også i publikumsområda.
  • Beredskapsleiinga sine faste møter vert avslutta og vert kun kalla inn i særskilde tilfelle
  • Beredskapsleiinga er til ei kvar tid budd på justere møtefrekvens og planar om situasjonen skulle tilseie det.

 

Kommunedirektøren