Kinn Kommune

Koronavirus

06.03.2020 12.44

Måndag 27. april opnar skular og SFO for elevar frå 1. - 4.trinn

Måndag 27. april opnar skular og SFO for elevar frå 1. - 4.trinn

Klikk for stort bileteSkulane opnar igjen måndag 27. april.Vi er glade for å kunne ønskje elevane frå 1.- 4.trinn velkomen tilbake til skule og SFO!

For å drive skular og SFO på ein god og trygg måte skal det settast i verk ulike tiltak for smittevern. Det er utarbeidd ein smittevernrettleiar for skule og SFO. For å klare å gjennomføre tiltaka i tråd med anbefalingane i rettleiaren vil opningstida i SFO vere noko kortare enn vanleg.

Frå måndag 27. april opnar SFO kl. 08.00 og stenger kl. 16.00. Dette vert opningstida inntil vidare.

Smittevern og informasjon til føresette

Utdanningsdirektoratet og Folkehelseinstituttet har laga ein rettleiar for smittevern i skule og SFO, og det blir jobba med å gi opplæring til tilsette og planlegge ut i frå den.

Føresatte med kritisk samfunnsfunksjonar

Foreldre med kritiske samfunnsfunksjonar kan ha behov for tilbod utover dei fastsette opningstidene. Skulane vil legge til rette for dette i samråd med dei det gjeld.

Har du spørsmål rundt opning av skule og SFO kan du ta kontakt med rektor på din skule.