Kinn Kommune

Koronavirus

06.03.2020 12.44

Kinn helsestasjon opnar dørene att

Kinn helsestasjon opnar dørene att

Klikk for stort bileteKinn helsestasjon opnar att i tråd med nasjonale retningsliner for helsestasjons- og skulehelseteneste, og nødvendige smitteverntiltak.

Svangerskapsomsorga

Svangerskapsomsorga har normal drift. Den gravide møter til konsultasjon utan følgje. Heimebesøk av jordmor til barselkvinner og nyfødte barn blir erstatta med konsultasjon på helsestasjonen. 

Helsestasjon 0-5 år

Helsestasjon 0-5 år vil no ha normal drift. Inntil vidare blir heimebesøk av helsesjukepleiar erstatta med konsultasjon på helsestasjonen. Gruppekonsultasjonar blir erstatta med individuelle konsultasjonar.

Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta vil ha normal drift på 1.-4. trinn i barneskulen.

Skulehelsetenesta frå 5.-7.trinn skal gjennomføre barnevaksinasjonsprogrammet, veiing og måling samt følge opp barn med spesielle behov.

Skulehelsetenesta frå 8.-10.-trinn skal gjennomføre 8.trinn samtale, veiing/måling og barnevaksinasjonsprogrammet.

Vidaregåande skule skal ha tilgjengeleg helsesjukepleiar på skulen.

Helsestasjon for ungdom

Helsestasjon for ungdom opnar for konsultasjonar frå veke 18.
Du når oss på telefon:
Florø: 957100083/ 57740004
Måløy: 47970311/ 91246117
Konsultasjonar skal vere avtalt på førehand.

Oppdateringar

Det kan oppstå endringar som følgje av aukande smittepress, og alternative løysingar kan bli aktuelt. Dette blir gjort kjent gjennom kommunen sine nettsider og helsestasjonen sine facebooksider.