Kinn Kommune

Koronavirus

Råd og informasjon om koronaviruset finn du på Helsenorge si nettside. Lokal informasjon finn du her.

 

05.10.2020 10.56

Karantenereglar for Kinn kommune

Karantenereglar for Kinn kommune

Klikk for stort bileteOppdatert 23.03.2020: Dei lokale karantenereglane er oppheva frå 23.03.2020. Sjå likevel nasjonale retningsliner på helsenorge.no.

 Kommuneoverlegen har fatta slikt vedtak:

For å stoppe spreiing av Covid-19 og bidra til å halde i hevd nødvendige helse- og omsorgstenester gjer kommuneoverlegen i Kinn søndag 15.03.20 følgjande vedtak, etter smittevernlova § 4-1 femte ledd:

  1. Alle som kjem til Kinn etter reiser i områda som vist i punkt 3, vert pålagde heimekarantene i 14 dagar etter ankomst.
  2. For personar som utviklar sjukdom eller symptom i karanteneperioden, gjeld dei til ei kvar tid gjeldande føringane til styresmaktene for konvertering av karantene til isolasjon.
  3. Vedtaket gjeld per 15.03.20 reisande frå følgjande område: Fylka Oslo, Agder, Rogaland, Viken, Vestfold og Telemark, Innlandet og dei geografiske områda som svarar til tidlegare Hordaland fylke og tidlegare Sør-Trøndelag fylke.

Transittopphald på flyplass i desse områda og heimreise direkte i egen bil frå flyplass, vert ikkje rekna som opphald i området. Karantenereglane gjev også unntak for dei som har kritiske samfunnsfunksjonar, slik dei er definert av DSB.

Vedtaket vert gitt tilbakeverkande kraft frå og med 12. mars.

Reisande som ikkje har symptom, kan reise til planlagd oppholdsstad, men skal under reisa så langt det let seg gjere halde avstand til andre.

Reisande med symptom skal umiddelbart i isolering, og dei kan ikkje nytte offentleg transport.

Leiing av verksemder som er lista etter DSB sin definisjon av samfunnskritiske funksjonar vert gitt løyve til å gjere unntak for eige symptomfritt nøkkelpersonell når dette er strengt nødvendig for å oppretthalde forsvarleg drift av kritiske samfunnsfunksjonar. Vedtaket gjeld frå 15.03.2020 og gjeld inntil nytt vedtak er fatta.
 

Rettsleg grunnlag

Smittevernlova § 4-1 femte ledd gjev kommuneoverlegen, i kommunestyret sin stad, heimel til å sette i verk ulike tiltak i hastesaker når det er nødvendig for å førebygge ein allmennfarleg smittsam sjukdom eller motverke at den vert overført i befolkninga. Aktuelle tiltak går fram av bestemminga sitt første ledd - bokstavane a til e.

Grunnleggande krav ved iverksetting av tiltak etter § 4-1 går fram av smittevernlova § 1-5: "Smitteverntiltak etter loven skal være basert på en klar medisinskfaglig begrunnelse, være nødvendig av hensyn til smittevernet og fremstå tjenlig etter en helhetsvurdering. Ved iverksettelse av smitteverntiltak skal det legges vekt på frivillig medvirkning fra den eller de tiltaket gjelder.

Tvangstiltak kan ikke brukes når det etter sakens art og forholdene ellers vil være et uforholdsmessig inngrep."

Til grunn ligg også Helse og omsorgsdepartementet sitt vedtak av 13.03.20 om Forskrift om karantene mv. etter reiser utenfor Norden.