Kinn Kommune

Koronavirus

Råd og informasjon om koronaviruset finn du på Helsenorge si nettside

Sjå lokal informasjon frå Kinn kommune

06.03.2020 12.44

Informasjon til innbyggjarar om koronaviruset 16.03.2020

Informasjon til innbyggjarar om koronaviruset 16.03.2020

Klikk for stort bilete  
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Det er innført strenge nasjonale tiltak for å hindre smitte av koronaviruset.  Denne meldinga er ei oppdatering på kva som gjeld i Kinn kommune.


I dag er det ingen innbyggarar med påvist koronasmitte i Kinn. 

 

KARANTENEREGLAR FOR KINN KOMMUNE

Det er innført eigne karantenereglar i Kinn. Reglane finn du på heimesida til kommunen.

I dag kom denne presiseringa frå fylkesmannen som gjeld helsepersonell:

«Viss grunnlaget for gjennomføring av prøven var symptom på luftvegsinfeksjon, og prøva gjev eit negativt svar, kan helsepersonell gå tilbake i jobb.

Er helsepersonell testa som følgje av kontakt med smitta eller antatt smitte, opphevar ikkje den negative prøven karantenen.»

 

HEIMEKONTOR - TELENOR

Etableringa med heimekontor har gått greit for dei tilsette i kommunen. 

Telenor seier i ei melding at dei registrerer at mange sit heime, og at det gir utfordringar i nettet.  Vi kan oppleve eit tregt nett, forsinkingar og anna, men dei arbeider med saka og forventar å løyse problema.

 

PRIORITERING AV KRITISKE SAMFUNNSFUNKSJONAR

Føringane frå regjeringa går på at begge foreldra må ha kritiske samfunnsfunksjonar, men at kommunane kan utvise skjøn i kvert enkelt tilfelle.  Det gjer vi i Kinn – og vi vil også prioritere helsepersonell i samsvar med dei sentrale føringane.

 

Fysiske publikumstenester er stengt

Alle kommunale kontor med publikumsfunksjonar er stengt.  Vi har styrka kapasiteten ved sentralbordet og dokumentsenteret for mottak av elektroniske meldingar.

 

Spørmål frå publikum om Korona

Det er ekstrem stor pågang på telefon med spørsmål om korona, karantene og andre forhold knytt til dette.  Vi klarer ikkje svare på alle, men ser no nærare på korleis vi kan auke kapasiteten på desse linjene også.  Vi veit at sentrale styresmakter ser på andre digitale løysingar som kan tene publikum.

 

Ikkje betaling for barnehage og SFO

Kinn kommune vil ikkje krevje betaling for barnehage og skulefritidsordning så lenge regjeringa definerer dei som stengde.  Dette gjeld og for born som er der fordi ein eller begge av foreldra har ein kritisk samfunnsfunksjon.

 

Økonomiske utfordringar – innbetalingar til kommunen

Dersom du som innbyggar kjem i ein økonomisk krevjande situasjon kan du kontakte NAV på vanleg måte.  Det kan du gjere ved å søke om sosial stønad på NAV.no eller ringe kontaktsenteret på telefon 55 55 33 33.

Mot slutten av veka vil vi kome med informasjon som gjeld betaling av kommunale avgifter.

 

Næringslivet i Kinn i koronatider

Konsekvensane av viruset som har ramma verda er store, og det vil nok framleis eskalere. Å sikre folkehelsa og det økonomiske livsgrunnlaget for både personar og bedrifter, er avgjerande no. I tillegg til dei helsemessige effektane av situasjonen, er Kinn kommune oppteken av utfordringane og bekymringane til små og store bedrifter i kystregionen.

Eit samla storting presenterte måndag morgon (16. mars) ulike økonomiske tiltak for å avhjelpe situasjonen. Å få oversikt over kva behov, ønskjer og tiltak som næringsaktørar i kystregionen ser for seg kan hjelpe no, er essensielt.  Derfor har kommunen satt i gang samarbeid med Aksello som blir kommunens forlenga arm i beredskapsarbeidet mot næringslivet. Aksello arbeidar òg tett med NHO Vestlandet og andre aktørar, og halde oversikten i regionen vår.

Aksello sine nettsider vil bedrifter finne oppdatert informasjon, tilgang til rådgjevarar, kjelder, tips og anna relevant kunnskap. Bedrifter som er medlem i NHO har eit godt digitalt, åpent informasjonstilbod, og vi oppfordrar til nytte NHO si nettside samt deira Facebook. Bedrifter som ønskjer ein sparringspartnar eller har driftsrelaterte spørsmål, kan fint kontakte Aksello.

Er du som arbeidstakar usikker på kva rettigheiter du har i denne situasjonen, anbefaler vi å nytte LO sine nettsider for tydeleg og oppdatert informasjon.

Viktigaste no er å vise politisk einigheit, dugnadsånd, å ta styresmaktene sine helseråd på alvor samt å sette seg inn i dei tiltaka som regjeringa har lagt fram. Vi skal alle hjelpe kvarandre og dele all nødvendig informasjon.

Kontaktperson i Aksello vedrørande rådgjeving:

Seniorrådgjevar Kari Brun Ågotnes (982 36999)

 

Beredskapsleiinga i Kinn kommune