Kinn Kommune

Koronavirus

Råd og informasjon om koronaviruset finn du på Helsenorge si nettside. Lokal informasjon finn du her.

 

05.10.2020 10.56

Informasjon om tiltak for å hindre smitte av koronaviruset i Kinn kommune

Informasjon om tiltak for å hindre smitte av koronaviruset i Kinn kommune


Klikk for stort bileteDet er innført strenge nasjonale tiltak for å hindre smitte av koronaviruset.  Tiltaka påverkar i vesentleg grad kvardagen til innbyggarane og den kommunale verksemda.

I dag er det ingen innbyggarar med koronasmitte i Kinn. 

OPE SENTRALBORD I HELGA
Kommunen sitt sentralbord vil vere ope laurdag og søndag frå kl 0900-1500.  På ettermidag, kveld og natt gjeld dei vanlege vakttelefonane. Dei finn du på kommunen si heimeside. 

 

SKULAR OG BARNEHAGAR
Er no stengde. Barn i barnehagane og elevar i barneskulane (1. til og med 7. klasse)  med foreldre i samfunnskritiske funksjonar skal ha tilbod om å vere i barnehagen/få opplæring på skulen.  For alle andre skal vi legge til rette for fjernundervisning.  Ungdomskulane er stengde, men skal også gjennomføre fjernundervisning.

Barn med spesielle omsorgsbehov som har tilbod etter lov om helse og omsorgstenester skal framleis ha tilbodet ved barnehagen/skulen.

Det er kome spørsmål om det er nok at ein av foreldra har ein kritisk samfunnsfunksjon, eller må begge ha det?  Vi har tatt problemstillinga opp med fylkesmannen i møte i dag.  Det vert ikkje stilt spesifikke krav til at begge foreldra må ha ein slik funksjon.  Det er opp til den enkelte kommune å utvise skjøn i kvart enkelt tilfelle.  Sjå punktet under korleis du skal melde dette til skulen eller barnehagen.

Skulane førebur no å gjennomføre opplæringa som fjernundervisning.

Det er den enkelte skule som vil informere meir om korleis det vil gå føre seg.  Heimane vil difor få informasjon direkte frå den enkelte skule. 

 

SKULETANNLEGE
Alle planlagte konsultasjoanar hos skuletannlegen er avlyst.  Det vert kalla inn til nye tider når situasjonen tilseier det.

 

KRITISKE SAMFUNNSFUNKSJONAR
I Kinn kommune er denne gruppa utvida til også å gjelde reinhaldarar.  Dei har ein viktig funksjon i høve hygiene og såleis hindre smittespreiing. Reinhaldarar med barn i barnehage skal såleis ha eit barnehagetilbod.  Det same gjeld skuletilbod; 1. til og med 7. klasse.

Då ser lista med samfunnskritiske funksjonar i Kinn slik ut:

  • Forsvar
  • Lov og orden
  • Helse og omsorg
  • Redningsteneste
  • IKT-tryggleik i sivil sektor
  • Natur og miljø
  • Forsyningstryggleik
  • Vatn og avløp
  • Reinhaldstenester
  • Finansielle tenester
  • Kraftforsyning
  • Elektroniske kommunikasjonstenester
  • Transport
  • Satellittbaserte tjenester
  • Apoteka

Vi treng oversikt over familiar som har behov for pass av barn. Din arbeidsgjevar må stadfeste at du har ein kritisk samfunnsfunksjon. Du må òg sjekke ut om det er andre som kan passe barna i denne perioden (partnar/familie). Intensjonen her er å hindre smitte så godt som mogeleg.

Ta kontakt med din barnehage og skule før kl. 13.00 måndag 16. mars, slik at vi får oversikt over behovet i kommunen.

Vi vil ha eit tilpassa tilbod til dei det gjeld frå og med tysdag 17. mars.

 

Fullmakt til å stenge tenester
Det er kun kommunen si beredskapsleiing som kan stenge/legge ned kommunale tenester.  Ingen leiarar, uansett nivå, har slike fullmakter.  Det er eit mål i seg sjølv at dei kommunelae tenestene, spesielt publikumsretta, er operative i ein slik situasjon.  Vurderinga kan endre seg i ein situasjon der vi har smitte.  Det gjeld ikkje no.

 

Heimekontorløysingar
Vi vil kome i ein situasjon med auka behov for heimekontorløysingar.  Vi samarbeider med Nordfjordnett om det.  Då vil vi prioritere kven som skal ha slike løysingar.  Då vil kommunen sitt behov og den enkelte sin situasjon vere delar av den vurderinga.

 

Beredskapsleiinga i Kinn kommune