Kinn Kommune

Informasjon om situasjonen i barnehage og skule

Informasjon om situasjonen i barnehage og skule

Klikk for stort bileteInformasjon om situasjonen i skule og barnehage frå 20. april.Skular og barnehagar har vore stengde frå 13. mars. Regjeringa har bestemt at barnehagane skal opne att 20. april, og skular/SFO (1.- 4. klasse) frå 27. april. Vidaregåande skular vil opne for yrkesfagelevar på VG2 og VG3. Ein føresetnad for opninga er at gode reglar for smittevern er på plass.

Folkehelseinstituttet skal saman med Utdanningsdirektoratet utarbeide ein rettleiar for smittevern i barnehagar, SFO og skular.

Rettleiar for barnehage skal publiserast den 15. april, og for skule den 20. april.

Skulane skal fortsatt gje elevane eit opplæringstilbod heime, og legge til rette for opplæring så langt det lar seg gjere. Dette tilbodet vil fortsette for elevar frå 5. klasse også etter 27. april. Skulane vil informere ut til sine barn og føresette om skulearbeid og arbeidsplanar i perioden framover.

Informasjon frå Utdanningsdirektoratet om opning av barnehagar og skular.

Kritiske og viktige samfunnsfunksjonar

Barn av personell som jobbar i kritiske samfunnsfunksjonar har rett på og vil få eit omsorgstilbod fram til 20. og 27. april. Retten til omsorgstilbod gjeld også for barnehagebarn og elevar med særskilte omsorgsbehov.

Beredskapslina i kommunen har fullmakt til å avgrense eller utvide tilbodet.

Tilbodet blir gjeve til barn der føresette er:

  1. Personell i kritisk samfunnsfunksjon.
  2. Personell med andre verksemdkritiske oppgåver

For både punkt 1 og punkt 2 gjeld det at:

  • Barnet skal vere under 12 år.
  • Det er tilstrekkeleg at ein forelder arbeider i kritisk samfunnsfunksjon for å få tilbodet. Der barnet ikkje bur saman med begge føresette, men der den eine foresatte er i samfunnskritisk funksjon kan det også bli gjeve tilbod om plass.
  • Det ikkje er mogleg med anna barnepass.
  • Arbeidsgjevar må kunne bekrefte at føresatt er personell i kritisk samfunnsfunksjon og/eller har verksemdkritisk oppgåve.

Tilsette i barnehagar og tilsette på 1. – 4. trinn i skulen er frå 13. april 2020 regna som viktig personell i handteringa av koronakrisa. Dei kan også få tilbod om plass.

Les heile lista, og sjå kva yrker dette omfattar.