Kinn Kommune

Hygienerutiner ved kontor/kontorplassar i Kinn kommune

Hygienerutiner ved kontor/kontorplassar i Kinn kommune

Klikk for stort bilete

Her finn du hygienerutiner for kontor/kontorplassar i Kinn kommune.

  • Vask hendene i minst 20 sekund med såpe og vatn når du kjem og forlet kontoret/arbeidsplassen.
  • Vask hendene med såpe og vatn etter toalettbesøk og før måltid.
  • Host/ nys i albuekroken eller i eit papir som vert kasta. Hugs handvask.
  • Handsprit nyttast berre når såpe og vatn ikkje er tilgjengeleg.
  • Besøkande bør få tilbod om tilgjengeleg handsprit/handvask.

Reingjering

Reinhaldspersonale har ansvar for reinhald av kontaktflater som har ei viss kontakthyppighet; dørhandtak, dører, rekkverk.

Kontaktflater med mindre bruk har tilsette sjølv ansvar for å reingjere, hygienerutinene må kunne vidareførast i lang tid framover. Vask dagleg av handtak på kjøkkenskap og kjøleskap, samt handtak på kaffikanner. Kjøkkenbenken og lunsjbord bør vaskast av dagleg. Vask med såpe og vatn eller fukta microfiberklut.

Tastatur, mus, og eiga arbeidsflate treng ikkje prioriterast høgst når det er avgrensa til eige bruk.

Oppsummert

Tiltak for å hindre smitte vil i synkande effekt vere:

  1. Halde deg heime om du er sjuk.
  2. Halde avstand og unngå fysisk kontakt med andre.
  3. God handhygiene.
  4. Reinhald av kontaktflater med høg kontakthyppighet.
  5. Andre tiltak vil ut over dette ha marginal effekt.

 

Folkehelseavdelinga april 2020