Kinn Kommune

Gladnyheit: det frivillige musikklivet kan starte opp att øvingane!

Gladnyheit: det frivillige musikklivet kan starte opp att øvingane!

Helsedirektoratet har no godkjent Norsk musikkråd sin rettleiar om smittevern for musikkøvingar. Dette betyr at det igjen opnast for musikkøvingar for det frivillige musikklivet, innanfor visse rammer.

Rettleiaren finn du på www.musikk.no/smittevern. Her finn du også plakat for utskrift til øvingslokalet og ein PDF som kan bli utdelt til alle som skal delta. 

Merk at det per i dag er ei grense på maksimalt 30 personar som kan møtast. De må operere i grupper på fem personar, med ein avstand på 2 meter. Det må vere ein forsvarleg avstand mellom kvar gruppe (4 meter anbefalast). Hygiene må takast på alvor på øvingane.