Kinn Kommune

Koronavirus

06.03.2020 12.44

Digitalt møte for leiarar av lokale 17. mai-komitear i Kinn

Digitalt møte for leiarar av lokale 17. mai-komitear i Kinn

Klikk for stort bileteDet blir ikkje ein tradisjonell feiring av 17. mai i 2020Nasjonaldagen nærmar seg og den skal sjølvsagt markerast, sjølv om det blir ei annleis markering då vi må ta omsyn til dei nasjonale føringane som er kome i høve dei gjeldande smittevernstiltaka.

Kommunen inviterer til eit digitalt møte onsdag 29.04 klokka 19.00 for å diskutere moglegheiter og dele idear for markeringa.

Kommunen håpar at leiarane av alle komiteane kan delta digitalt på dette møtet saman med folk frå administrasjonen og ordførar.

Kommuneoverlegen vil også delta slik at det vert mogleg å få informasjon direkte frå han på korleis vi saman kan gjennomføre ei god og trygg markering.

For å delta i møtet sender du ein e-post til kultursjef Odd Gunnar Myhre, odd.gunnar.myhre@kinn.kommune.no. Då vil du i forkant av møtet få ein invitasjon til møtet på den e-postadressa som du tok kontakt med.

I den e-posten vil det stå korleis du kan logge deg på møtet. Det vil også vere mogleg å delta gjennom telefon.