Kinn Kommune

Denne veka opnar skulane for alle elevane

Denne veka opnar skulane for alle elevane

Klikk for stort bileteI løpet av denne veka skal alle elevane få komme tilbake til skulen. Det er vi veldig glade for!

Dei fleste skulane vil bruke måndagen til å organisere og planlegge for ein god og trygg start for elevane på 5.-10. trinn. For 1.-4.trinn går skulekvardagen som normalt slik det har gjort dei to siste vekene. Skulane våre er ulike i høve størrelse og kapasitet, og nokre av skulane har behov for tilpassingar for å legge til rette for ei trygg og forsvarleg drift i tråd med anbefalte smitteverntiltak. Vi har og fått informasjon frå Vestland fylkeskommune om at dei vil ha problem med skysskapasiteten på grunn av reglane om smittevern ved transport. Vi arbeider med å finne løysingar, men skysskapasiteten vil legge føringar på skuletida for elevane. Kvar einskild skule må tilpasse skuleopning og skuleveka etter sine føresetnadar og skyssbehov. Tilbodet vil difor variere mellom skulane. 

Smittevernrettleiaren anbefalar at kroppsøving i størst mogleg grad skjer utandørs, og at ein unngår bruk av garderobar og dusj. Med bakgrunn i dette vil garderobar og dusjar på skulane vere stengd fram til somaren.

Den enkelte skule vil i løpet av måndagen sende ut informasjon og plan for vidare drift for sin skule.