Kinn Kommune

Koronaviruset

Det er innført strenge nasjonale tiltak for å hindre smitte av koronaviruset.  Denne meldinga er ei oppdatering på kva som gjeld i Kinn kommune.


I dag er det ingen innbyggarar med påvist koronasmitte i Kinn. 

Konsekvensane av viruset som har ramma verda er store, og det vil framleis eskalere. Å sikre folkehelsa og det økonomiske livsgrunnlaget for både personar og bedrifter, er avgjerande no. 

Vi har no stengt dei tre institusjonane våre, Furuhaugane, Flora omsorgssenter og Kulatoppen for besøkande.


Det er innført strenge nasjonale tiltak for å hindre smitte av koronaviruset.  Tiltaka påverkar i vesentleg grad kvardagen til innbyggarane og den kommunale verksemda.

I dag er det ingen innbyggarar med koronasmitte i Kinn. 

 

Kinn kommune bur seg på ein situasjon der mange vil bli sjuke av koronaviruset. Det er bestilt inn ekstra utstyr og medisinar, det vert gitt ekstra opplæring, og ein kartlegg kva personell og kva kompetanse dei har. Omsorgstenesta har tett dialog med kommuneoverlege, sjukeheimsoverlege og kommuneleiinga. Vi følgjer generelle råd og informasjon frå folkehelseinstituttet.