Kinn Kommune

Koronaviruset

I samband med koronasituasjonen har vi to telefontenester: ein for deg som treng praktisk hjelp, og ein annan telefon for deg som vil snakke om noko som er vanskeleg. Telefonane er opne frå kl. 09.00 - 15.00 i vekedagar.

Skular og barnehagar har vore stengde frå 13. mars. Regjeringa har bestemt at barnehagane skal opne att 20. april, og skular/SFO (1.- 4. klasse) frå 27. april. Vidaregåande skular vil opne for yrkesfagelevar på VG2 og VG3. Ein føresetnad for opninga er at gode reglar for smittevern er på plass.

14. april kan frivillige lag og organisasjonar søke om kompensasjon for korona-avlyste, utsatte, eller stengte arrangement. Det vert opna for å søke frå 14. april.

Støtteordninga Kulturrom har sett av 7 millionar kroner til økonomisk støtte for øvingsrom som tapar inntekt i samband med koronasituasjonen.

Kringom sine serviceskyssruter har starta opp att frå tysdag 31. mars.

Vi har alle behov for å lære om korleis avgrense smitte og halde seg frisk i tida koronaviruset herjer landet. Her får du praktisk informasjon om korleis gjere dette, og korleis kommunen og du kan hjelpe. Dette gjeld fram til 13. april 2020.

Allhuset i Eikefjord held stengt frå og med i dag onsdag 25. mars og inntil vidare. Stenginga gjeld utleigedelen av bygget og påverkar ikkje drifta til heimesjukepleien.

Aksello har i høve COVID-19 situasjonen fått ei rolle som ressurs i beredskapsarbeidet mot næringslivet i kommunen og regionen. Besøk deira heimeside for meir informasjon og kontaktopplysningar.

Rådmann Terje Heggheim skriv om korleis veka har utvikla seg etter dei strenge tiltaka i arbeidet mot koronaviruset blei innført.

Grunna den raske spreiinga av koronaviruset og myndigheitene sine råd om å slutte opp om dugnaden for å avgrense smitte, må Kinn kommune inntil vidare stenge dagsturhyttene.