Kinn Kommune

Koronavaksinering i Kinn

Koronavaksinering i Kinn

Følg med på denne sida for oppdatert informasjon knytt til vaksinasjon i kommunen. 

Det er planlagt vaksinering i følgande veker:

Florø: veke 44 og 45.
Måløy: veke 43-46. 

Her finn du informasjon om dei ulike vaksinene:
Pfizervaksinen.
Spikevax (Moderna) (PDF, 54 kB).

Det er framleis ledige timar for bestilling for dose 1 til alle over 18 år. Du kan velje om du vil ta vaksine i Måløy eller Florø etter kva som passar deg best.

Kommuneoverlegen oppmodar alle som ikkje har tatt vaksine, til å gjere det. 

Her finn du informasjon om ei tredje dose til dei med alvorleg nedsatt immunforsvar (PDF, 193 kB).

Vaksinering i Florø

Det ligg no ute timar for bestilling til vaksinering for deg som enno ikkje har tatt vaksinen.

  • Tysdag 02.11.21 kl. 16.00-17.30 på Florø helsestasjon
  • Onsdag 03.11 kl. 16.00-17.30 på Florø helsestasjon
  • Tysdag 09.11 kl. 16.00-17.30 på Florø helsestasjon

Vi tilbyr no drop-in for deg som ikkje har tatt første dose enno i tidsrommet 16-17.30 desse dagane. 

Tredje dose med koronavaksine
I veke 46 er det planlagt vaksinering av tredje dose til deg over 75 år. I veke 49 er det planlagt vaksinering av tredje dose til deg over 65 år. Timane er ikkje lagt ut endå, meir informasjon kjem. 

Venteliste
Det er ikkje mogleg å sette seg på venteliste.

Timebestilling i Florø
Vaksinering på Florø kulturhus / Florø helsestasjon er ope for alle. 

Logg inn på timebestilling.remin.no med eigen BankID for timebestilling.

Vaksinering i Måløy

Det ligg no ute timar for bestilling til vaksinering for deg som enno ikkje har tatt vaksinen. 

  • Onsdag 27.10.21 frå kl. 16.00 på Måløy legekontor (inngang frå Sjøgata)
  • Onsdag 03.11.21 frå kl. 16.00 på Måløy legekontor (inngang frå Sjøgata)
  • Onsdag 10.11.21 frå kl. 16.00 på Måløy legekontor (inngang frå Sjøgata)
  • Onsdag 17.11.21 frå kl. 16.00 på Måløy legekontor (inngang frå Sjøgata)

Vi tilbyr no drop-in for deg som ikkje har tatt første dose enno i tidsrommet 16.00-18.00 desse dagane.

Tredje dose med koronavaksine
I veke 46 er det planlagt vaksinering av tredje dose til deg over 75 år. I veke 49 er det planlagt vaksinering av tredje dose til deg over 65 år. Timane er ikkje lagt ut endå, meir informasjon kjem. 

Timebestilling i Måløy
Vaksinering i samfunnshallen i Måløy / legekontoret i Måløy er ope for alle.

Logg inn på timebestilling.remin.no med eigen BankID for timebestilling.

Arbeidet framover

Kinn kommune har laga ein handlingsplan for koronavaksineringa, som er eit godt praktisk reiskap for iverksetting av vaksinering til prioriterte grupper. Utstyr til vaksinasjon er allereie på plass i kommunen.
Klikk her for meir informasjon om koronavaksine.

Plan for vaksinering veke for veke er laga utifrå tilgjengeleg informasjon per i dag. Kor mange dosar vaksine som kjem kvar veke kan endre seg, og då vil planane også endre seg.

Kontakt

Treng du hjelp med timebestilling i Florø?
Telefon 476 27 912
Treng du hjelp med timebestilling i Måløy?
Telefon 918 15 678
Mobil 979 60 915