Kinn Kommune

Koronatest

Koronatest

På denne sida finn du oppdatert informasjon knytt til koronatesting i kommunen. 

Utlevering av hurtigtestar

  • Du kan hente hurtigtestar på servicetorga i Florø og Måløy mellom kl. 09.00-15.00 mandag-fredag.
  • Frå veke 5 kan du hente hurtigtestar på Allhuset i Eikefjord mellom kl. 16.00-18.00 på mandagar, onsdagar og fredagar. 
  • Hurtigtestane blir delt ut i 5-pakningar, og det er maks 3 pakkar per person grunna begrensa kapasitet på hurtigtestar.

Følgande er anbefalt å teste seg med hurtigtestar:

  • nærkontaktar
  • personar med symptom eller som har mistanke om koronasmitte

Har du fått positivt resultat på ein korona sjølvtest? Då ber vi om at du registrerer prøvesvaret ditt elektronisk her.

Personar som ikkje er i ei prioritert gruppe, men som likevel ønsker å teste seg, kan kjøpe testar på apotek og i enkelte butikkar. Testane må då betalast av den enkelte.

Positiv korona hurtigtest:

  • Du må isolere deg frå andre.
  • Positiv hurtigtest er sikker bekrefting på at du er smitta av covid-19.
  • Registrer svaret på: https://hjemmetest.remin.no/kinn 
  • Du skal ikkje ta PCR test om du har 3 koronavaksiner eller har hatt positiv koronatest siste 3 mnd.
  • Har du primær eller sekundær immunsvikt (organtransplantert, immundempande medisin) er du tilrådd PCR-test.
  • Er du uvaksinert eller delvaksinert og treng PCR-svar for koronasertifikat kan du ta PCR-test.
  • Ta kontakt med nærmaste legekontor om du treng time til PCR test
  • Gi beskjed til dei du har vore i kontakt med 48 timar før du fekk symptom nærkontakt/ smittekarantene.
  • Varsle arbeidsplass eller skule/barnehage.
  • Varsle leiar så fort som mogleg om du er helsepersonell.

Isolasjonstida er 6 dagar frå symptomstart. Har du ikkje symptom må du vere i isolasjon 6 dagar frå testdato. For meir informasjon sjekk FHI sine sider: