Kinn Kommune

Koronavirus

Nasjonal informasjon om koronaviruset finn du på Helsenorge og Folkehelseinstituttet.

 

Informasjon om koronavaksinering

Informasjon om vaksinering i Kinn

Det er no ledige timar for koronavaksinering både i veke 39, 40 og 42 i Florø, og i veke 38, 39, 40 og 41 i Måløy. Du kan velje den veka, staden og tida som passar best for deg.

Det pågår no vaksinering av born og unge 12-16 år i regi av skulehelsetenesta.

Det er opna for 3. vaksinedose til pasientar med alvorleg svekka immunforsvar. Spesialisthelsetenesta (sjukehus) vil identifisere og varsle dei det gjeld, og gje dei melding om kor dei skal vaksinerast. Om dei får beskjed om å vaksinerast i kommunen, skal dei nytte ReMIn og bestille seg time.

No kan du som enda ikkje har tatt første dose møte opp (drop-in) på følgande dager:

  • Torsdag 30.09.21 kl. 16.00-19.30 på Florø kulturhus
  • Torsdag 07.10.21 kl. 16.00-17.30 på Florø helsestasjon
  • Tysdag 19.10.21 kl. 16.00-17.30 på Florø helsestasjon
  • Onsdag 29.09.21 kl. 16.00-18.00 på Måløy legekontor (inngang frå Sjøgata)
  • Onsdag 06.10.21 kl. 16.00-18.00 på Måløy legekontor (inngang frå Sjøgata)
  • Onsdag 13.10.21 kl. 16.00-18.00 på Måløy legekontor (inngang frå Sjøgata)

Vi oppfordrar alle som no ikkje har fått første dose med vaksine til å bestille seg time eller møte opp på drop-in.

Er du usikker på om du av helsemessige årsaker kan ta vaksine, må du konferere med din fastlege før du bestillar time. Vaksinasjonsstad vil bli Florø kulturhus (samfunnshuset) / Florø helsestasjon, eller Samfunnshallen / legekontoret i Måløy.

Det er eit nasjonalt og viktig mål at flest mogleg innbyggarar tek vaksine. 

Så oppfordringa er; prioriter vaksinasjon og bestill time i dag - medan du enda kan velgje mellom dag, tid og stad!

Bestill deg time her:
https://timebestilling.remin.no/kinn