Kinn Kommune

Koronavirus

Nasjonal informasjon om koronaviruset finn du på Helsenorge og Folkehelseinstituttet.

Ingen nye koronasmitta personar i Kinn det siste døgnet (oppdatert 15. januar 2021).
15.01.2021 07.48

Smitteverntiltak og rutinar på omsorgssenter

Smitteverntiltak og rutinar på omsorgssenter

Klikk for stort bileteLeiinga ved både Kulatoppen, Furuhaugane og Florø omsorgssenter følger no tett opp situasjonen med fleire smittetilfelle i vårt lokalsamfunn. Difor er det viktig å informere ut til alle om kva tiltak omsorgssentera har satt i verk, og minne alle om våre rutinar. 

Leiinga ved omsorgssentera har jamlege møter med smittevernoverlegen i Kinn kommune der vi går gjennom og drøftar våre rutiner, og korleis vi kan begrense og førebygge smitte inn på institusjonen. 

Tilsette på omsorgssenter

For tilsette på våre institusjonar blir det gjort ei vurdering i kvart enkelt tilfelle om dei kan gå på jobb eller ikkje dersom dei har luftvegssymptom.  Her har vi klare reglar og kriterier som er gitt frå Folkehelseinstituttet (FHI). Det er også anbefalt frå FHI at tilsette bør ha færrast mogleg arbeidsstadar, og at dei tilsette bør arbeide i små faste team (arbeidskohortar) for å unngå rotasjon av personale.

Vi er heilt avhengig av å kunne samarbeide på tvers av avdelingane for å kunne gje bebuarane forsvarleg helsehjelp til ei kvar tid, men prøvar å avgrense dette så langt det lar seg gjere. Vi har også tilsette som har andre arbeidsforhold i tillegg til jobben på omsorgssenter. Her har vi ikkje noko mynde til å pålegge dei å avslutte andre arbeidsforhold.  For dei tilsette som har 2 arbeidsplassar internt i kommunen vurderer vi kontinuerleg behovet og moglegheit for å redusere. Samstundes som vi skal forhindre smitte er vi plikta å halde forsvarleg drift og kvalifisert personale på jobb.

Besøk på institusjon

Våre institusjonar er ope for besøkande og det er utarbeidd klare rutinar for korleis besøk skal føregå.

Alle besøkande skal registrere seg i besøksprotokoll ved hovudinngangen og på rommet til bebuar. Besøkande skal overhalde handhygiene og 1 meter avstand. Besøket kan berre føregå på pasientrom eller ute, ev. på eige besøksrom. Det er ikkje høve til å opphalde seg i fellesareal.

Vi ser at desse rutinane ikkje alltid blir overhaldt, og vi ber om at alle no tek ansvar og føl rutinane som er utarbeidd. Denne informasjonen er lett tilgjengeleg ved hovudinngangen. Dersom besøkande ikkje overheld desse rutinane vil det bli vurdert å låse inngangsdøra for betre kontroll med kven som kjem inn. Tilsette er informert om gjeldande rutinar. Dersom besøkande bryt rutinane vil dei tilsette ta kontakt med den det gjeld for påminning.

Restriksjonar

Det er restriksjonar for besøkande som har vore ute og reist og kjem frå omsråde med smitteutbrot, som t.d. Oslo og Bergen. Det vert sterkt oppmoda om ikkje å besøke institusjonen dei fyrste 10 dagane etter heimkomst.

Oppmoding om å følgje FHI sine retningsliner

Vi går no ut med ei oppmoding om at besøkande og alle tilsette følger FHI sine retningsliner, reduserer reising og har færrast mogleg nærkontaktar.

Når det gjeld smittesporing er det nærkontakt som skal testast. Nærkontakt er definert som den personen som har vore i direkte kontakt med ein som har testa positivt på korona. Andre som har vore i kontakt med nærkontakten skal halde seg til vanlege rutinar. 

I Florø er det aktive pårørandegruppar på begge institusjonar, og vi håpar vi kan få dette på plass så snart som mogleg også i Måløy. For oss er det viktig å ha god dialog med pårørande og vi erfarar at det er vere nyttig for alle partar å ha faste møter.

Vi har fokus på at bebuarane skal få ei god førjulstid og julefeiring. Mykje av aktivitetane må vi sjølve planlegge internt i avdelingane i samarbeid med kulturvertane og musikkterapeutane, då vi ikkje kan ha større sosiale tilstelningar på institusjonane våre slik situasjonen er no.