Kinn Kommune

Koronavirus

Nasjonal informasjon om koronaviruset finn du på Helsenorge og Folkehelseinstituttet.

Ingen nye koronasmitta personar i Kinn det siste døgnet (oppdatert 4. desember 2020).

04.12.2020 08.05

Nyhende om korona i Kinn

Leiinga ved både Kulatoppen, Furuhaugane og Florø omsorgssenter følger no tett opp situasjonen med fleire smittetilfelle i vårt lokalsamfunn. Difor er det viktig å informere ut til alle om kva tiltak omsorgssentera har satt i verk, og minne alle om våre rutinar. 

Oppdatert 01.12.20: I samband med koronasmitte ved Skarevik barnehage har det vore fleire smittetilfelle som følgje av den opphavlege smitten. 

Den første tida etter heimkomst frå områder med høgt smittepress har du høgare risiko for å vere smitta med viruset, men med enkle tiltak dei første ti dagane kan du beskytte dei rundt deg:

 Vi i heimetenesta vil oppmode brukarar og pårørande til å følge gjeldande råd og retningsliner frå myndigheitene til ei kvar tid. Heimetenesta i Kinn kommune ønsker å ivareta både brukarar, pårørande og dei tilsette. For å få dette til treng vi hjelp frå både brukarane sjølve og frå dei pårørande. 

Mange pasientar og brukarar i helse-og omsorgsinstitusjonane er særs sårbare for smitte med Covid-19 på grunn av alder og enkelte kroniske sjukdomar. Vi ønskjer å legge til rette for besøk, samstundes som vi må unngå at vi får smitte inn i institusjonane. Det er difor innført besøksrestriksjonar og rutiner for besøk.

Her finn du hygienerutiner for kontor/kontorplassar i Kinn kommune.