Onsdag 6. januar vart første dose med koronavaksine sett på Furuhaugane og Florø omsorgssenter. Onsdag 13. januar vart første dose med koronavaksine sett på Kulatoppen omsorgssenter, og vaksineringa har også starta på Måløy legekontor for dei tilsette. Meir informasjon om vidare vaksinering av andre målgrupper kjem fortløpande.
Vi ringer deg
Du kan ikkje ringe og bestille tid til vaksinering sjølv, du vert kontakta med tilbod om dag og tid for vaksinering.
Her kan du lese om dei prioriterte målgruppene for koronavaksine.
Arbeidet framover
Kinn kommune har laga ein handlingsplan for koronavaksineringa, som er eit godt praktisk reiskap for iverksetting av vaksinering til prioriterte grupper. Utstyr til vaksinasjon er allereie på plass i kommunen.
Klikk her for meir informasjon om koronavaksine.
Utvalde helsepersonellgrupper vil også få tilbod om koronavaksinasjon
FHI set av vaksiner til 15.000 tilsette i spesialisthelsetenesta. Primærhelsetenesta kan få inntil 20 prosent av dosene, som vert fordelt til kommunane. Les meir om ordninga på fhi.no.
Publisert avFrida Rogne
Publisert29.12.2020 13.39
Sist endra14.01.2021 10.55