Kinn Kommune

Koronavirus

Nasjonal informasjon om koronaviruset finn du på Helsenorge og Folkehelseinstituttet.

23.04.2021 08.02

Vi ønskjer kontakt med 17. mai komitear

Vi ønskjer kontakt med 17. mai komitear

Klikk for stort bileteVi ønskjer å få kontakt med alle leiarar av lokale 17. mai komitear i kommunen.

I lag med lokalavisene ønskjer vi å samle flest mogleg av leiarane av dei lokale 17. mai komiteane til eit dialog- og informasjonsmøte. 

På møtet vil kommuneoverlege Jan Helge Dale delta og informere/svare på spørsmål knytt til markeringa av nasjonaldagen. Lokalavisene ønskjer oversikt på kva som skjer i dei ulike grendene for å kunne dekke dette på best mogleg måte. 

Møtet vert gjennomført digitalt torsdag 8. april, kl. 18.00 - 19.30.

Ta kontakt med kultursjef Odd Gunnar Myhre for å få invitasjon til møtet. Odd Gunnar sin e-post er odd.gunnar.myhre@kinn.kommune.no.