Vi er forseinka med utsending av kommunale gebyr for siste kvartal og november månadLytt til tekstenStopp avspillingI mars 2023 sendte vi ut feiegebyr utan meirverdiavgift - dette grunna ein ukorrekt presisering i Skattedirektoratet sitt regelverk. Difor har Skattedirektoratet bedt kommunane fakturere feiegebyr på nytt, inkludert meirverdiavgift. På grunn av dette ligg vi på etterskot med å fakturere for oktober, november og desember. Ny faktura vil sendast ut tidleg i veke 46, med forfallsdato 30. november - ti dagar seinare enn normalt.Også behov for å korrigere faktura for juli, august og septemberVi sendte ut forrige kvartal (juli, august, september) og for månadane august og september utan meirverdiavgift. Dette må vi no korrigere. På din neste faktura vil dette vere korrigert, og det vil vere fleire fakturalinjer på feiegebyr enn vanleg. Vi har tilbakeført det som var fakturert feil, og lagt til det som er korrekt. Vi beklagar ulempa. Om du har spørsmål kan du ta kontakt med teknisk drift v/Marianne Kvalheim eller rekneskapsavdelinga v/Jeanett Bareksten. Publisert 10.11.2023 13.22 Sist endra 10.11.2023 13.22