Kinn Kommune

Verktøykasse for foreldre

Verktøykasse for foreldre

Klikk for stort bileteVerktøykasse for foreldre finn du på NUBU si heimeside. NUBU Når kvardagen blir utfordrande for familien kan det vere godt å vite at det finnast gode foreldreverktøy som kan hjelpe deg og barnet ditt til å få det betre i saman.

I desse dagar opnar samfunnet sakte opp igjen. Mange barn har fått kome tilbake til barnehage og skule, og snart er vi forhåpentlegvis tilbake til dagleglivet og familielivet slik vi er vande med å ha det. Tida vi har vore inne i har ført til at mange familiar har brukt uvanleg mykje tid tett på kvarandre. Det kan vere både hyggeleg og fint med ekstra tid i saman med familien sin, men det kan også tære på stemninga etter kvart som tida går.

Det kan til dømes vere vanskeleg for foreldre å vere like positive og engasjerte overfor barnet sitt i utfordrande tider som vi er inne i no. Då kan det vere godt å vite at det finnast ei verktøykasse med gode foreldreverktøy som kan hjelpe foreldre og barn å få det betre i saman.

I verktøykassa til Nasjonalt utviklingssenter for barn og unge (NUBU) finn du ulike verktøy som gir deg konkrete råd og tips på ulike tema som handlar om samspelet mellom foreldre og barn. Ved å klikke deg inn på verktøya i lenka nedanfor, får du tilgang til tips om å vere i saman, snakke i lag, samarbeid, problemløysing og oppmuntring. 

Besøk NUBU si heimeside og få tilgang til verktørkassa her!