Kinn Kommune

Velkommen til Kinn!

Velkommen til Kinn!

Klikk for stort bileteOrdførar Ola Teigen Kinn kommune Kinn er ein flott kystkommune kor du kan leve urbant i byane Florø og Måløy, eller bu ved naturkreftene heilt ute i havgapet. Med isbreèn i aust, flotte sandstrender i vest, så er Kinn kommune ein variert og mangfaldig kommune.
 

Og mangfaldet vil du og oppleve ved at vi har mange nasjonar lev og arbeider hos oss. Arbeidslivet er i stor grad private arbeidsplassar innan fiskeri, havbruk, petroleum og verftsindustri. Men vi har også spennande miljø innan offentleg forvaltning, politi, tilsyn og direktorat. Og sjølvsagt er ein stor kommune som Kinn med 1600 tilsette ein spennande arbeidsplass. 

Kinn har gode skular, barnehagar og ikkje minst fritidstilbod for folk i alle aldrar. Kulturlivet er variert både for den som vil oppleve kultur og den som vil utøve kultur. 

I vår varierte kommune er det god plass til alle og vi gjer det vi kan for at både fastbuande og tilflyttarar skal trivast hos oss. Ta kontakt og vi vil prøve å hjelpe deg uansett kva det måtte vere.

Beste helsing 

Ola Teigen
Ordførar