Kinn Kommune

Koronavirus

Nasjonal informasjon om koronaviruset finn du på Helsenorge og Folkehelseinstituttet.

15.06.2021 09.12

Varsel om planoppstart: Tømmervelta, Florø

Varsel om planoppstart: Tømmervelta, Florø

Klikk for stort bileteiVest ConsultI samsvar med Plan- og bygningslova, plandelen § 12-8, vert det her varsla om oppstart av planarbeid etter § 12-3 – privat forslag til detaljreguleringsplan. Aktuelt område er i hovudsak tenkt å omfatte gbnr. 23/314 med tilkomst frå fylkesveg.

Oversiktskart med lokalisering er vist i vedlagt kart (vedlegg 2). Tiltakshavar for planarbeidet er Fanevik Tomteutbygging AS.

Føremål/bakgrunn for planarbeidet

Føremål med planen er tilrettelegging for kring 4-6 nye bustader med tilhøyrande tilkomst innanfor gbnr. 23/314, med friområde mot sjø.
Aktuelt område er i eksisterande overordna plan, KDP Florelandet Brandsøy 2006-2018, avsett til LNF-formål. I utkast til revidert KDP ved 1. og 2. gangs høyring er området no føreslått avsett til bustadformål, område B19, med omsynssone for støy, gul sone H220_2, samt faresone for flaum, H320. I sjø er området avsett til bruk og vern av sjø og vassdrag med tilhøyrande strandsone.

I utkast til føresegn ved 2. gangs høyring blir det for område B19 opna for etablering einebustad/tomannsbustad med krav om utarbeiding av reguleringsplan. Det blir vidare vist til utnyttingsgrad 35% BYA, maks mønehøgd/gesimshøgde inntil 9 meter, og krav om at det må dokumenterast at bygg og uteopphaldsareal har tilfredstillande støyforhold i høve Fv5704. Planlagde tiltak er såleis vurderte å falle inn under formål i revidert kommunedelplan.

Planlagde tiltak med nye bustadar vil vere innanfor gbnr. 23/314, men det vert varsla for eit større område for å kunne sjå på best mogleg løysing for tilkomst, mogleg gangtilkomst til planlagt friområde ved sjø, i tillegg til avgrensing mot eksisterande reguleringsplanar. Varsla planområde utgjer omlag 7 daa, og endeleg planavgrensing kan verte justert i planprosessen.

Utgreiingsbehov

Det vart halde oppstartsmøte med planavdelinga i Kinn kommune den 27.10.2020, der kommunen tilrår oppstart av planarbeid.
Tema som skal vurderast særskilt i planarbeidet er blant anna; Landskap og estetikk, strandsone, trafikktryggleik, støy, folkehelse, barn og unge, m.fl. Verknad av desse vil bli vurdert i planomtalen. Referat frå oppstartsmøte og utarbeidd planinitiativ er tilgjengeleg på nedanfor og hjå iVest Consult.

Vurdering i høve forskrift om konsekvensutgreiing

Aktuelt planområde er i utkast til revidert KDP foreslått avsett til bustadformål. Formål med planarbeidet, og forslag til planformål, vil såleis vere i samsvar med overordna plan dersom denne vert vedtatt slik den no er lagt på høyring. KDP har vore på 2. gangs høyring der endeleg vedtak er antatt i løpet av hausten 2021. Detaljregulering for Tømmervelta vil ikkje verte behandla før vedtak av ny overordna plan, og det vert såleis vurdert at planen ikkje fell inn under forskrift §6, vedlegg 1. Planen vil gjelde tiltak etter plan- og bygningslova, og fell såleis heller ikkje inn under forskrift §7. Vidare er det vurdert at plantiltak ikkje fell inn under vedlegg 2, at tiltaka ikkje vil føre med seg vesentleg verknad for miljø eller samfunn etter forskrifta §10, og at planen då heller ikkje fell inn under forskrifta §8.

Planarbeidet blir med dette som grunnlag vurdert å ikkje falle inn under forskrifta sitt saklege verkeområde, og dermed heller ikkje utløyse krav om konsekvensutgreiing (KU).

Medverknad/innspel

Fagmynde, grunneigarar/naboar mf.l vert inviterte til å kome med innspel gjennom varsling og kunngjering av planoppstart. Det vert lagt opp til vidare tett dialog og avklaringar med aktuelle fagmynde undervegs etter behov. Naboar/Partar er tilskrive med eige brev.

Du som har innspel, merknader eller spørsmål til planarbeidet kan vende seg til iVest Consult as, innan 09.07.2021. Kontakt iVest Consult på adresse Strandgata 15, 6905 Florø, per e-post post@ivestconsult.no, eller telefon 97 62 27 00 / 95 74 11 02.

Plandokument

Planoppstart Tømmervelta, Florø
Tittel Publisert Type
Vedlegg 1_Adresseliste Tømmervelta_20210610

10.06.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Vedlegg 1_Adresseliste Tømmervelta_20210610.pdf
Bilde Varsla planområde Tømmervelta_20210609

10.06.2021 Filtype: jpg. Klikk for å laste ned Bilde Varsla planområde Tømmervelta_20210609.jpg
Referat oppstartsmøte Tømmervelta 27.10.2020

10.06.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Referat oppstartsmøte Tømmervelta 27.10.2020.pdf
2020154_planinitiativ for nye bustader, Fanevik Eigedom_20201006_

10.06.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 2020154_planinitiativ for nye bustader, Fanevik Eigedom_20201006_.pdf
Vedlegg 2 Varsla planområde_Tømmervelta internett_20210609_

10.06.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Vedlegg 2 Varsla planområde_Tømmervelta internett_20210609_.pdf