Kinn Kommune

Aktuelt

02.12.2022 15.29

Varsel om planoppstart: Privat detaljreguleringsplan for Øvre Okshola (Måløy)

Varsel om planoppstart: Privat detaljreguleringsplan for Øvre Okshola (Måløy)

Bildet syner kva området planen skal gjelde for - Klikk for stort bileteBildet viser avgrensing til den private detaljreguleringsplanen Øvre Oksholen

I samsvar med Plan- og bygningslova, plandelen § 12-8, vert det varsla om oppstart av planarbeid etter § 12-3 – Privat detaljreguleringsplan for Øvre Okshola gbnr 308/157 m.fl., Kinn kommune. Tiltakshavar for planarbeidet er Sølvberg bygg AS.

Føremål/bakgrunn for planarbeidet

Formål med planen er tilrettelegging for kring 20-30 nye bueiningar med tilhøyrande infrastruktur på gbnr. 308/157 mfl. Ein planlegg å legge til rette for både frittliggjande og konsentrert busetnad. Planområdet vil omfatte gbnr. 308/157, 308/156, 308/135 og delar av gbnr. 308/1, 308/9 og 308/4. Nye bustader er tenkt tilpassa landskap og omgjevnader, og det vil i planarbeidet bli lagt vekt på god terrengtilpassing og funksjonelle løysingar med god arkitektur. Det vert lagt til rette for uteopphaldsareal/leikeareal. Det vil i tillegg vurderast å legge til rette for etablering av parkering i tilknyting til mykje brukt tursti i området.

Det er tenkt å nytte Øvre Okshola som tilkomstveg. Vegareal er inkludert i varsla planområde for vurderingar i høve tilkomst i samband med plantiltak. Varsla planområde utgjer 26,1 daa, der område for planlagt utbygging utgjer 18 daa. Planområdet kan verte justert i planprosessen.

I gjeldande kommuneplan for Vågsøy (2002-2014) er området avsett til LNF-formål, med restriksjonsområde med krav om ny reguleringsplan. Gjeldande kommuneplan er unntatt rettsverknad. Ny kommuneplan er under rullering der det i oppstartsmøte kom fram at aktuelt arealformål er tenkt til bustadformål.

Ny detaljreguleringsplan vil erstatte delar av eldre reguleringsplan for Deknepollen (datert 17.0.1982), der delar av planområdet er regulert til offentleg formål. Kommunen har vurdert at arealet ikkje lenger er aktuell for utbygging av offentlege formål, då behovet for dette er tilfredsstilt ved utbygging av Kulatoppen omsorgssenter. Detaljreguleringsplan for fortau frå RV15 mot Øvre Okshola inngår i del av varsla planavgrensing for vurderingar i høve vegtilkomst. Aktuelt planområde grensar til Reguleringsplan for Myrane Oksholen (mindre vesentleg endring, PlanID: 1439200804), Reguleringsplan for Tennebø (PlanID: 1439199303) og vil tilpassast denne.

Det er ikkje registrert kulturminne, prioriterte artar, verneområde eller utvalde naturtypar innanfor planområdet. Myrområdet er tenkt ivareteke. Planarbeidet vil med bakgrunn i dette ikkje føre til irreversibel skade for naturmiljø eller gje ei vesentleg samla belasting på økosystem. Kringliggjande område er allereie utbygd og tiltak sjåast på som ei utviding av eksisterande bustadområde.

Utgreiingsbehov og vurdering i høve forskrift om konsekvensutgreiing

Det vart gjennomført oppstartsmøte med Kinn kommune den 19.05.2022, der kommunen tilrår oppstart av planarbeid. Tema som skal vurderast særskilt i planarbeidet er blant anna: Landskap, estetikk og byggeskikk, teknisk infrastruktur, trafikktryggleik, universell utforming, folkehelse, barn og unge, kulturmiljø, m.fl. Verknad av desse vil bli vurdert i planomtalen.

Det er gjeve samtykke til omdisponering etter jordlova, samt dispensasjon frå kommuneplanen sin arealdel og gjeldande reguleringsplan for omdisponering til bustadføremål, i samband med frådeling av areal. Eit vilkår for løyvet er at det vert utarbeida ny reguleringsplan for området før det kan gjevast byggjeløyve.

Planprosessen vil gå parallelt med rullering av ny kommuneplan, der aktuelt område vert konsekvensutgreia på kommuneplannivå. Kinn kommune vurderer det slik at dersom plan samsvarar med forslag til ny KPA, samt at plan ikkje vert lagt fram for handsaming før utlegg av ny KPA på høyring, er det ikkje naudsynt med konsekvensutgreiing i dette planarbeidet.

I følgje KU-forskrifta § 4-2 ledd, skal den som fremjar forslag til plan etter plan og bygningslova sjølv vurdere om planen fell inn under forskrifta sitt saklege verkeområde. Hovuddel av planområde ligg innanfor område som i eldre reguleringsplan er avsett til utbygging, for offentleg formål (bustadar/institusjon for psykisk utviklingshemma). Formål med planarbeidet, og forslag til planformål for bustad, er såleis vurdert å i hovudsak samsvare med eldre reguleringsplan og fell såleis ikkje inn under forskrifta §6, vedlegg 1. Planen gjeld tiltak etter plan- og bygningslova, og fell såleis heller ikkje inn under forskrifta §7.

For vurdering om tiltak har verknad for miljø eller samfunn, har ein vurdert tiltak opp i mot §10. Plantiltak vil gje ei mindre omdisponering av landbruksareal, men dette er areal som ikkje er nytta sidan 60-talet og som er prega av attgroing i dag. Fortetting innanfor etablert bustadområde, og i tilknyting til sentrumsfunksjonar/skule/barnehage og transportnett er i tråd med dei statlege planretningslinjene. Det er vurdert at plantiltak ikkje fell inn under vedlegg 2, at tiltaka ikkje vil føre med seg vesentleg verknad for miljø eller samfunn etter forskrifta §10, og at planen då heller ikkje fell inn under forskrifta §8. Planarbeidet er på dette grunnlag vurdert å ikkje falle inn under forskriftas saklege verkeområde, og dermed heller ikkje utløyse krav om konsekvensutgreiing.

Medverknad, høyringsfrist og kontaktinformasjon

Du som har innspel, merknader eller spørsmål til planarbeidet kan vende seg til iVest Consult AS innan 19.12.2022.

Kontakt: iVest Consult, Strandgata 15, 6905 Florø. Telefon 96 01 89 86. E-post: post@ivestconsult.no.

Vedlegg til planen